Hopp til innhold

Bjørg Marit fekk boka «Vaksinetvang» tilsendt i posten: – Provoserande

Bjørg Marit Sæteren frå Oppdal vart veldig overraska då ho såg kva som låg i postkassa hennar. Ei bok som åtvarar mot vaksinar – frå ein anonym avsendar.

Bjørg Marit Sæteren

SJOKKERT: Bjørg Marit Sæteren frå Oppdal fekk denne boka i postkassa frå ein anonym avsendar.

Foto: Morgan Frelsøy / OPP

– Eg vart litt forundra. Det var ingen avsendar. Eg synest det var veldig rart og provoserande, seier Bjørg Marit Sæteren.

Det var boka «Vaksinetvang – i skyggen av koronakrisen» som låg i postkassa hennar.

Hos bokhandelen Ark kostar denne boka i underkant av 300 kroner. I tillegg hadde den anonyme avsendaren betalt 100 kr i porto. Det låg ingen faktura i lag med boka.

Lokalavisa OPP har også omtalt denne saka.

– Skremmande at folk kan gjere slikt

– Då eg opna boka vart eg sjokkert. Vi kan meine mykje om pandemien vi opplever no, men eg vil absolutt vaksinere meg når eg får høve til det, fastslår ho.

Bjørg Marit Sæteren med hund

FEKK UVENTA POST: Bjørg Marit Sæteren vart overraska då ho såg kva som låg i postkassa si. Her saman med hunden «Kompis».

Foto: Privat

Ho fortel at innhaldet i boka går ut på at folk må tenkje seg om før dei vaksinerer seg. Forfattaren meiner han kan dokumentere at risikoen med vaksinar er større enn gevinsten.

– Eg vart litt skremt og irritert over at folk kan gjere noko slikt. Eg veit at det finst folk som er i mot vaksinane, og ikkje vil vaksinere ungane sine. Men dei er i mindretal. Vi må stole på forskarane for å slå ned dette viruset, seier ho.

Fleire i bygda har mottatt boka

Sæteren la ut eit innlegg på Facebook med bilete av boka.

Det var mange som reagerte kraftig, og det viste seg at det var fleire oppdalingar som også hadde fått boka i postkassa.

Ordførar Geir Arild Espnes (Sp) i Oppdal håpar at innbyggjarane som har fått uventa post ikkje lar seg påverke av innhaldet i boka.

Geir Arild Espnes (Sp)

ORDFØRAR: Ordførar i Oppdal kommune, Geir Arild Espnes (Sp) håpar ikkje oppdalingane lar seg påverke av innhaldet i boka.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

– Alle skal ha rett til å ha sine meiningar, men når vi veit kva vaksinar har betydd for å nedkjempe sjukdommar rundt omkring i verda, synest eg det er betenkjeleg at det kjem akkurat no når vi er i gang med eit stort vaksinasjonsprogram.

Svigerfaren til ordføraren er éin av dei som har fått boka i postkassa si.

– Han blei verkeleg opprørt og forbanna. Det var ein kostbar porto på 100 kr. Dersom dette blir sendt ut i stor skala, må det stå ein heil organisasjon bak, meiner ordføraren.

FHI: – Ingen grunn til å frykte biverknadane

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet (FHI) seier at det er frivillig å vaksinere seg, men han legg samstundes vekt på at det ikkje er noko grunn til å frykte biverknadane av koronavaksinen.

– No har vaksinen blitt gitt til millionar av menneske over heile verda, og ein ser at den ikkje gir nokre alvorlege eller umiddelbare biverknadar, sa han til NRK tidlegare i januar.

Han presiserer likevel at ein ikkje kan garantere å unngå biverknadar på lang sikt.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

FHI: Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet legg vekt på at det ikkje er grunn til å frykte biverknadane av koronavaksinen, men at den er frivillig.

Foto: Tor Erik Schrøder

Ordføraren i Oppdal kjem med ei klar oppfordring:

– Det er viktig at vi står saman i denne vaksinasjonsdugnaden. Vi treng å ha mange vaksinerte for å oppnå flokkimmunitet.

NRK har etter publisering fjerna formuleringa «bok om vaksinemotstand» frå tittelen, og endra til boktittelen.