Hopp til innhold

Binna har luska rundt huset

Binna, som blei skoten av ein gjetar i Lierne i natt, har fleire gonger den siste veka vore på visitt på garden til Arnold Sivertsen.

Ifølge bonden har binna drept ein av sauene hans i ei anna innhegning tidlegare denne veka.

- Bjørnane har gått rundt her i fleire dagar, så vi har hatt meir eller mindre kontakt med dei. Vi har sett dei både i gardsvegen og på tunet, så det er eit vanleg syn, seier Arnold Sivertsen til NRK Trøndelag. 

Ikkje dårleg samvit

I fjor blei 72 prosent av buskapen til Arnold Sivertsen tatt av rovdyr, det tilsvarar 86 dyr. I år har han freista å ha fleire av dyra i innhegningar, i staden for i fjellet, men heller ikkje det har helde bjørnen borte.

I år har han også hatt gjetarar som har passa sauene frå time til time gjennom heile døgeret, men fleire sauer har likevel måtte gi tapt for bjørnen.

- Eg har ikkje noko imot at det blir skote ein bjørn. Eg syns det begynner å bli mykje bjørn og vi kan ikkje sitte å sjå at rovdyr riv i hel sauene våre, seier Sivertsen.

Handla i naudverge

Det har ikkje lukkast NRK Trøndelag å komme i kontakt med gjetaren som skaut bjørnebinna i Lierne i natt. Til politiet har han forklart at han handla i naudverge og at han skaut den bjørnen som var mest agressiv.

- Dette er naudverge. Når ein har folk som skal passe på sauene og det kjem ein bjørn som jagar flokken rundt, slår i hel ein sau og et på den, har eg ikkje dårleg samvit for at vi tok livet av denne bjørnen, seier Sivertsen.

Han ser heller ikkje mørkt på å måtte møte i ei eventuell rettssak.