3. juli møttest ei gruppe bilentusiastar og køyrde ein rundtur i Romsdal og på Nordmøre. På kvelden skulle tre av dei returnere til bygda i Trøndelag.
Køyrde «draumebilen»
I kvar sin bil køyrde dei austover på riksveg 70 laurdagskvelden.
Sikta nummer ein eig ein Ferrari som han i retten kalla «draumebilen». Han køyrde forbi ein motorsyklist, som då gassa på, følgje sikta. Gjennomsnittsmåling gjort av ei UP-patrulje på motorsykkel viste 146 kilometer i timen.
Sikta forklarte at han ikkje følte at farten var så høg, men godtok målinga.
Sikta nummer to køyrde ein Audi A6 og hadde hatt ein personbil og ein bubil liggande framfor seg over lengre tid. På ei lang rett strekning i 80-sonen ved Gravem køyrde han forbi bilane. Det sikta ikkje visste var at nettopp der stod UP med lasermåler.
Litt lenger framme vart sjåføren vinka inn av politiet. Dei kunne fortelje at sikta var målt til 154 kilometer i timen.
«Nokså graverande» meiner retten
Audieigaren må i fengsel i 21 dagar, Ferrarimannen i 18. Begge misser førarkortet i seksten månader.
Den eine sa i retten at å miste sertifikatet så lenge er «katastrofalt» på grunn av yrket hans. Han håpa å få sone fengselsstraffa med fotlenke.
Den andre har mista jobben på grunn av førarkortbeslaget.
Køyringa skjedde på eit tidspunkt med lite motgåande trafikk og gode køyreforhold. Likevel er slike hastigheiter «nokså graverande» står det i den eine domen.
Retten kan ikkje sjå bort ifrå at motorsyklisten akselererte mens sikta køyrde forbi han. Men motorsyklisten kan ikkje lastast for fartsoverskridinga til sikta, meiner Trøndelag tingrett.
Køyrde forbi tre bilar i 148 kilometer i timen
Denne veka møtte den tredje frå same bygda i Trøndelag tingrett. Med ein Chevrolet køyrde han forbi tre bilar i 80-sonen. Han sa i retten at han ikkje var klar over at farten var så høg. Føreforholda var gode med tørr asfalt og pent ver og det oppstod ingen faresituasjonar. skriv retten.
Bilføraren må i fengsel i 18 dagar og misser førarkortet i 17 månader, ein månad lenger enn dei to andre. Det syntest sikta var for strengt, men godtok det.
Alle dei tre sjåførane er i 50-åra. Dei må køyre opp på nytt før dei eventuelt får førarkorta sine tilbake.
I alt seks sjåførar vart tatt i fartskontrollen. Fire vart målte med laser, høgste farten var 168 kilometer i timen. Dei to som vart tatt med gjennomsnittsmåling køyrde i 146 kilometer.