Hopp til innhold

Bibliotekskilt i Frosta fiksa

Då Frosta i midten av august avduka sitt nye bibliotekskilt som blei laga i Kina, oppdaga dei ein skrivefeil. Skiltet fekk mykje mediemerksemd. Ved hjelp av ei aluminiumsplate har dei no retta opp skrivefeilen, som bokstavleg talt var hogd i stein. «I-en er på plass og vi ynskjer alle ei fin hausthelg,» skriv Frosta bibliotek på si Facebook-side.