Hopp til innhold

Steinkjer sa nei til å forby tigging

Politikarane i Steinkjer sa nei til å forby tigging. Berre Frp. stemte for.

Tigging

At det forekjem tigging er ikkje eit samfunnsproblem som må forbyast i Steinkjer, meiner politikarane i byen.

Foto: Elise Rønnevig Andersen / NRK

Det var etter NRK-dokumentaren om det kriminelle miljøet kring rumenske tiggarar i Bergen i vår, at Steinkjer kommune fekk inn ein interpellasjon frå Fremskrittspartiet i kommunestyret der dei ønskte eit forbod mot tigging.

Både Høgre og Frp gjekk inn for forbod under debatten i kommunestyret før sommarferien.

Da formannsskapet i byen skulle ta saka opp til avstemming ved St.Hans-tider, vart vedtaket at saka vart utsett, og i mellomtida skulle den drøftast i eit politirådsmøte.

I politi-rådet sitt politistasjonsmeister, ordførar og rådmann og den som leier arbeidet i kommunen med koordinering lokalt av det førebyggande arbeidet mot rus og kriminalitet.

Politiet meiner tigging ikkje er noko problem

Politiet i Steinkjer meiner dei har god oversikt over dei tiggarane som opererer i byen.

Politistasjonssjef Snorre Haugdal seier det er få problem knytt til tigging.

 Politistasjonssjef på Steinkjer, Snorre Haugdal

Tigging fører til få problem i Steinkjer, slo politistasjonssjef Snorre Haugdal i Steinkjer fast for politikarane i byen og dei valde å seie nei til å innføre eit lokalt forbod mot tigging.

Foto: Nora Lervik / NRK

Dette var bakgrunnen da formannsskapet denne veka tok spørsmålet opp til endeleg vedtak.

Alle partia unnateke Fremskrittspartiets sitt eine formannsskapsmedlem, stemte da for at Steinkjer ikkje skal innføre eit lokalt forbod mot tigging.

Til Steinkjer-Avisa seier Høgres Morten Resve som valde å følgje fleirtalet, at han stemte mot å innføre eit forbod etter å ha lese kommentarane frå politiet om at tigging ikkje er eit problem i Steinkjer, slik forholda er i dag.