NRK Meny
Normal

Berg-Hansen vil ikkje slakte laksen

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen nektar å slakte ned den luseinfiserte laksen sin.

Lisbeth Berg-Hansen anmeldt for lakselus
Foto: Nils Henrik Måsø/Norsk Jeger og Fiskerforbund

Dette frå Bellona til å reagerer sterkt.

– Det er fort å tenkje at kvifor skal eg gjere det når ikkje ein gong fiskeriministeren slaktar ned laks for å handtere lus i sitt eige anlegg, seier fagrådgivar i miljøstiftinga Bellona, Marius Dalen, til NRK.

Sel ikkje aksjane

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen eig ti prosent av aksjane i SinkaBerg-hansen AS som omsette for over ein halv milliard kroner i fjor.

Lakserømming og mykje meir lakselus enn tillatt har ført til mykje kritikk mot den nybakte statsråden.

Justisdepartementet har sagt at ho unntaksvis kjem til å vere inhabil i nokre saker som gjeld vilkår og forskrifter for oppdrettsnæringa. Andre meiner ho bør selje aksjane sine så lenge ho er fiskeriminister.

– Det er heilt uaktuelt, seier Berg-Hansen.

Fryktar katastrofe

Havforskningsinstutttet fryktar lakselusa kan bety ein katastrofe både for oppdrettsnæringa og villaksen.

Torsdag er det møte hos fiskeriminister og aksjeeigar Lisbeth Berg Hansen. Møtet med næringa og forskninga er det fiskeriministeren sjølv som har kalla inn til og temaet er lakselus generelt.

Inhabil fiskeriminister

Fagrådgivar Marius Dalen i Bellona meiner statsråden bør rydde opp i eigne mærer i Namdalen aller først.

– Vi må spørje oss sjølve om ikkje regjeringa må gjennomføre ei avlysing i eigne rekkjer?

Meiner du Berg-Hansen bør trekkje seg?

Det er ei rekkje situasjonar der fiskeriministeren vil vere inhabil knytt til også generelle rammevilkår for oppdrettsnæringa som rører ved hennar oppdrettsanlegg økonomisk direkte, seier Dalen.

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal