Hopp til innhold

Ber private vere med for å bygge Rørvik kyrkje

I den spektakulære glaskyrkja i Rørvik kan du snart få kjøpe deg din eigen kyrkjestol, nesten som i gamle dagar. Det må til for å få realisert nykyrkja i kystbyen i Nord-Trøndelag.

Rørvik kirke - arkitektskisse

Den planlagde Rørvik-kyrkja, Fugl Føniks, bør finansierast med private sponsorpengar, meiner kyrkjekomiteen. Foto: Illustrasjon, arkitektane Pir II AS og Hartman

– Eg trur ikkje det blir ståande namn på han, men ein har i alle fall ein stol på kyrkjegolvet, seier ordførar i Vikna, Reinert Eidshaug (Ap), til NRK.

Ordføraren vonar nokre vil finne tilbodet interessant.

– Ein skal ikkje sjå bort frå det. Det er ei moglegheit til å bidra i alle fall, seier han.

Reinert Eidshaug

Ordførar Reinert Eidshaug i Rørvik vil ha den spektakulære nykyrkja i byen realisert med private gåver.

Foto: Espen Sandmo, NRK

Private må gi gåver for 20 millionar

Privat støtte ser ut til å vere einaste utveg for å få realisert bygget til 55 millionar kroner.

Årsaka er at kommunestyret i Vikna sist vinter sa nei til nybygget. Dei hadde fått presentert talet 32 millionar for kyrkja den gong planane vart lagde fram.

Dei meinte kommunen hadde andre budsjetthol å fylle.

Byggekomiteen fekk ordre om å kappe omfanget og få prislappen ned på 36 millionar kroner. Men kyrkjeleg fellesråd, meiner det blir for smått og vil ha realisert dei opphavlege planane, skriv Namdalsavisa.

Kven som kan stille med dei 20 millionane som manglar, vil ikkje ordførar Eidshaug ikkje ha noka formeining om. Om han veit om rike onklar, vil han ikkje røpe det.

– Det er andre som driv med den konkrete innsamlingsbiten, seier han kort.

– Men ein del større summar er naudsynt, innrømmer han.

Han veit det går bra i oppdrettsnæringa, men det er bedriftene sjølve som bestemmer over kva dei vil bruke pengane sine til.

Brann Rørvik kirke

Ein vinterkveld i 2012 kom det brann i Rørvik kyrkje og den stod ikkje til å redde.

Foto: Sturla Nordbøe / Scanpix/Namdalsavisa

Lang strid om ny kyrkje etter brann

Ny kyrkje i Rørvik måtte til da den vesle, kvite trekyrkja i Rørvik vart så sterkt øydelagd i brann i 2012, at restane ikkje stod til å redde.

Den nye kyrkja skulle reisast høgt og fint, på branntomta etter den gamle, og tanken var at den skulle bli eit nytt signalbygg i kystbyen som har levd bra på fiskeoppdrett dei seinare åra.

Glaskyrkja kan bli del av spektakulær byarkitektur

Dei eventuelle glade givarar har sommaren på å bestemme seg for sine donasjonar til det nye gudshuset, som kan bli ein del av ein spesiell, ny arkitektur.

Søsterskipet i Rørvik

Kontorbygget Søsterskipet i Rørvik med sin spesielle arkitektur.

Foto: Hans H. Bjørstad
Norveg i Rørvik.

Kystkultursenteret Norveg i Rørvik.

Foto: Olav Breen

Rørvik har kystkultursenteret Norveg og tvillingbygget Søsterskipet allereie, noko som gjer byen spesiell for alle sjøreisande som kvar einaste dag i året kjem innom med hurtigruta i kveldslyset.

Ei glaskyrkje på ein haug vil verte eit nytt smykke i auget på dei forbipasserande, og er kanskje verdt nokre lokale kroner tent i laksemærene i nærleiken av byen.

Kanskje finst det opprettsmillionar å hente. Ordføraren vonar det.

Han har alltid ønskt seg den nye glaskyrkja.

LES OGSÅ: Slik er planane for den nye glaskyrkja.