Hopp til innhold

Har bedt Kripos om hjelp i etterforskinga

Kripos er bedt om å hjelpe til i etterforskinga av dødsfallet i Steinkjer, men har ikkje kapasitet akkurat no.

Politiet i Nord-Trøndelag har bedt Kripos om bistand i etterforskninga av dødsfallet i Steinkjer, men får det trolig ikke.

Pressebrief

Fungerande stasjonssjef Gunnar Solli og politiadvokat Trude Skogen leidde pressekonferansen.

Foto: Johannes Børstad / NRK

Politiet har gjennomført nye avhøyr av dei fire som er sikta i saka i dag, og det er utnemnt forsvararar for dei sikta.

Det opplyste politiet på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

Har ikkje tatt stilling til spørsmålet om varetekt

Det er òg gjennomført andre vitneavhøyr, og politiet understrekar at dei arbeider intenst for å finne ut kva som eigentleg har gått for seg før mannen døydde.

– Det var totalt seks personar i eller ved leilegheita da politiet kom til staden. Mannen som døydde er inkludert i det talet. Dei fem som ikkje budde der, var invitert dit, seier Gunnar Solli, fungerande stasjonssjef ved Steinkjer politistasjon.

Han vil ikkje kommentere om dei sikta har erkjent straffskuld.

Politiet har kobla inn Kripos og bedt dei om støtte, men dei har ikkje kapasitet til å hjelpe no.

– Kripos har spesialkompetanse, og vi ønska oss hjelp frå dei i og med at det er ein så alvorleg sak, seier politiadvokat Trude Skogen.

Politiet ser på dødsfallet som mistenkeleg.

Politiet i Nord-Trøndelag vil få hjelp frå Kripos dersom det blir tid til det, men fram til da etterforsker det trønderske politiet sjølv.

– Vi brukar dei ressursane som vi meiner det er rett å bruke i denne saka, seier

Når det gjeld spørsmålet om varetektsfengsling, har ikkje politiet tatt stilling til det enno.

– Det er ei kontinuerleg vurdering. Eg tør ikkje seie når vi tar det endelege standpunktet når det gjeld varetektsfengsling. Det kjem an på avhøyra og bevisa, seier politiadvokat Trude Skogen.

Vurderer å utvide siktingane

Tre menn i 40- og 50-åra er sikta etter paragraf 228 i straffelova, første ledd, for å ha utført vald mot den døde, eller å ha vore med på det.

Ei kvinne er sikta for å ha gitt falsk forklaring til politiet.

Dei fire som er sikta, er alle norske statsborgarar, og kjem frå Steinkjer.

– Vi opprettheld siktingane mot dei fire, seier politiadvokat Trude Skogen.

Politiet vurderer kontinuerleg om dei skal utvide siktingane.

Kona var til stades da mannen døydde

Ein mann vart funnen hardt skadd og seinare døydde av skadane utanfor ein privatbustad like ved Tingvold hotell i Steinkjer tidleg sundag morgon.

Politiet rykka ut dit etter å ha fått melding frå naboar om festbråk og uro. Da patruljen kom dit, fann dei mannen på bakken utanfor ei bustadblokk. Han vart meldt død på staden av lege.

Mannen er 44 år, familiefar, kjem frå Litauen og er busett i distriktet.

I tillegg dei fire som er sikta, var kona til den no avdøde mannen til stades. Ho har forklart seg som vitne i saka, og fått tilbod om helsemessig oppfølging. Ho er òg frå Litauen.

Les: Avdøde (44) obduseres mandag