NRK Meny
Normal

Ber Kripos om hjelp

Politiet i Trondheim ber Kripos om hjelp etter at ei kvinne og to barn blei funne døde etter ein brann i eit bustadhus på Byåsen.

Kriminalteknikere utenfor huset der tre personer ble funnet døde
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det er framleis uklart kva som ligg bak dødsfalla, men politiet har så langt ikkje haldepunkt for å seie at det ligg noko kriminelt bak.

-Vi held alle mulegheiter opne og etterforskar breidt. Vi har førebels ingen haldepunkt for å seie om det dreiar seg om ein ulykke, ein kriminell handling eller ein familietragedie, seier seksjonsleiar Terje Lunde ved Sentrum politistasjon i Trondheim.

Lege fann tre døde

Det var like før klokka 18.00 torsdag ettermiddag at ei 45 år gamal mor og hennar to døtre blei funne døde i eit bustadhus på Byåsen. Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.42 og kort tid etter gjekk ein lege inn i huset. Han fann tre døde personar i huset. 

- Dei omkomne er ikkje identifisert og dei pårørande blir no varsla. Vi kan heller ikkje seie noko om dødsårsaka, seier Lunde.  

Dei tre har døydd ein gong mellom midnatt, natt til onsdag, og fram til politiet blei varsla onsdag ettermiddag.

Brann i huset

Politiet slår fast at det har vore ein brann i huset der dei tre personane blei funne døde. 

- Brannen har starta innvending, den har ikkje utvikla seg og har sløkt av seg sjølv. Det har vore sterk røykutvikling inne i huset, forklarar Lunde.

Politiet har sett i verk rutinemessig etterforsking, sjølv om det ikkje er snakk om ei straffbar handling.

Obduksjonsrapport fredag

Politiet vil i løpet av onsdag ettermiddag gjennomføre obduksjonen og identifiseringa av dei tre døde personane.

- Vi vil få ein førebels obduksjonsrapport i morgon, og då vil vi også få ei førebels dødsårsak, seier Lunde.

I tillegg vil åstadsgranskarar og Kripos gjere kriminaltekniske undersøkingar i huset og politiet vil avhøyre den nærmaste familien.

Politiet vil også legge tilrette for ei rundspørring i nabolaget.  

Kriseteamet i Trondheim blei orientert om saka og starta jobben klokka 18.00 onsdag ettermiddag.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.