Hopp til innhold

Fire fisketuristar på kantra båt henta opp av redningshelikopter

Ein båt kantra utanfor Hitra i Trøndelag, og det vart sett i gang full redningsaksjon. Fire personar er sendt til St. Olavs hospital. Ingen er sakna.

Redningsselskapets bilder fra redningsulykke utenfor Hitra.

REDNINGSAKSJON: Det vart starta full redningsaksjon på Hitra då nødmeldinga kom i 11-tida onsdag.

Foto: Redningsselskapet

– Vi fekk ei nødmelding frå Hitra. Det er ein engelsktalande person som ropar «SOS», og seier at båten han er i ligg opp ned. Linja vart broten.

Det fortel operasjonsleiar Lars Berget i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Politiet vart varsla klokka 11.02 onsdag føremiddag.

Hovudredningssentralen vart informert, og det blei sett i gang ein storstilt redningsaksjon. Det tok tid å finne den kantra båten, men situasjonen er no avklart.

Redningsselskapets bilder fra redningsaksjon utenfor Hitra.

REDDA: Fire tyske fisketuristar vart redda opp av redningshelikopteret.

Foto: Redningsselskapet

Fire personar sendt til St. Olav

Like før kl. 12 skriv politiet på Twitter at fire personar er observert liggande oppå ein kantra båt ved Ulvøya og Fjellværøya, ifølge Hovudredningssentralen.

Rett etterpå skriv dei at personane blir heist opp i redningshelikopteret frå Ørland.

Dei blir frakta til St. Olavs hospital, og får ein medisinsk sjekk. Dei er nedkjølte etter at dei hamna i vatnet, før dei klarte å klatre opp på båten.

Ambulansehelikopter i forbindelse med redningsaksjon utenfor Hitra.

LUFTAMBULANSE: Både luftambulanse og redningshelikopteret Sar Queen frå Ørland deltok i redningsaksjonen.

Foto: Ronny teigås

– Dei fekk tilsyn av ein lege i helikopteret, som bestemte at dei skulle bli flydd rett til St. Olavs hospital. Vi veit ikkje kor nedkjølte dei var. Vi har ikkje høyrt noko frå sjukehuset, seier operasjonsleiar Berget.

Ifølge Hovudredningssentralen var det snakk om ein relativt liten fritidsbåt med tyske fisketuristar. Det vart først meldt om éin person i båten, men det var altså fire personar der.

Politiet bekreftar at ingen andre personar er sakna etter hendinga.

Skjermbilde flightradar24

OVERVAKING: På Flightradar24 kan ein sjå redningshelikopter sirkulere over området.

Foto: Skjermdump frå Flightradar24 25.05.22 kl. 11.45

– Vanskeleg redningsaksjon

Det vart sendt ut luftambulanse med dykkarar frå Trondheim, i tillegg til brannbåt, for å leite i området. Det skal ha skjedd aust for Hitra. Det var også redningsskøyte i området.

HITRA: Ein fiskebåt kantra utanfor Hitra i Trøndelag

Ifølge Hovudredningssentralen var det ein del vind i området.

Skipsførar Werner Huse på redningsskøyta Horn Flyer sa til NRK at dei har leita med store ressursar, og at redningsaksjonen var vanskeleg.

Det har begynt å blåse opp litt. Men det er god sikt. Men det er ikkje så godt å sjå nokon i bølgene, sa han like etter klokka 11.30.

Hovedredningssentralen har delt bilde fra redningsaksjon

VINDFULLT: Det var sterk vind i området, noko som gjorde det vanskeleg for redningsmannskapa.

Foto: Luftambulansen

Operasjonsleiaren hos politiet seier at det verkar som turistane har blitt overraska over vinden, og kantra.

– Det enda heldigvis godt. Det verkar som dei er i god tilstand, seier Berget til NRK i 13-tida.