Hopp til innhold

Éin person er sikta etter brann i barnevernsinstitusjon

Brannen skal ha starta på utsida av bustaden i Trondheim. Både tilsette og bebuarar kom seg ut og er uskadd.

Brann i ein barnevernsinstitusjon i Trondheim.

TOTALSKADD: Huset er totalskadd og ikkje til å bu i etter brannen natt til torsdag 6. april.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Då eg kom til avdelinga, så stod eigentleg huset i full fyr.

Det seier direktør for barnevern og assistanse i Stendi AS, Mona Andersen. Ho reiste ned til ungdomsinstitusjonen i natt då ho blei ringt med informasjon om at det brann.

Klokka 03:50 i natt fekk politiet inn melding om at det brann i huset.

– Det verkar som det har starta på utsida av bygget, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt Anne Birgitte Arras.

Ein person sikta

Politiadvokat i Trøndelag politidistrikt, Mette Kollstrøm, opplyser om at ein person er sikta for å ha noko med brannen å gjere.

Dei vil ikkje opplyse om vedkommande er tilknytt institusjonen.

Det skal ha vore seks personar i huset då brannen starta. Alle var evakuert og ute av bustaden då politi og brannvesen kom til staden.

Brannvesenet hadde kontroll på brannen klokka 05:45.

Det står att avhøyr med dei som var til stades der og vidare kriminaltekniske undersøkingar for å forsøke å finne årsak til brannen, seier Arras.

Kollstrøm legg til at politiet ikkje har kommentar eller aning om brannen er påsett, så tidleg i etterforskinga.

Brann i barnevernsinstitusjon.

Brannen skal ha starta på utsida av bustaden for så å spreie seg til taket og tredje etasje, ifølgje politiet.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Vakna av brannen

Då Andersen kom til staden blei ho møtt av tilsette som hjelpte brannvesenet med å evakuere utstyr frå bustaden.

– Dei blei vekka av at dei høyrde lydar av brannen utvendig, og så gjekk jo brannalarmen.

Ho rosar personalet for å ha gjort alt riktig i situasjonen.

– Dei har vekt bebuarar, dei har evakuert og gjort det dei har trent på med tanke på brannrutinane våre.

Ingen av dei råka har kome til skade etter brannen.

– Fyrste status er at det går bra med alle, seier direktøren.

Brann på barnevernsinstitusjon i Trondheim.

Dei tilsette på institusjonen skal ha vakna av at det brann på utsida av bustaden.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Flytta til ein annan institusjon

Både bebuarar og personale er evakuert over på ein annan bustad hos Stendi AS i Trondheim. Avdelinga dei er flytta til er ein godkjent barnevernsinstitusjon for same målgruppe og med plass til like mange.

Deira fokus framover no blir å vareta og følgje opp dei som opplevde brannen.

– Me jobbar med å prate omkring denne hendinga og det som har skjedd. Og så får me sjå etter kvart om me har noko meir oppfølging og koplar på bedriftshelsetenesta, opplyser Andersen.

På grunn av påskeferien var det færre bebuarar i huset enn til vanleg, men desse vil også få plass på avdelinga dei no nyttar.

– At alt har gått bra med personane i bustaden, er godt. Det er det som er det viktigaste, seier ho.

Les også Markus (17) brente ned barnevernsbygget – et rop om hjelp, mener advokaten

Snap viser hva som skjedde rett før barnevernsbygget på Stjørdal brant ned