Til no har det kome inn over 100 søknadar. Stein Johansen har allereie fått full erstatning:
- For å få eit sår til å gro, så har ikkje erstatninga hjelpt. Kjensla ovanfor tidlegare barneheimsarbeidarar og folk som før jobba i Trondheim kommune er framleis dei samme.
Forventar fleire søknadar
Trondheim forventar å få inn ein god del fleire søknadar. Barn som var utsett overgrep eller omsorgssvikt, både på institusjonar eller fosterheim kan søke:
- Ordninga blei kunngjort i mai i år, og skal vare i to år, det vil sei fram til mai 2009, det fortel rådgjevar i Trondheim kommune. Han presiserar at det ikkje er nok å ha budd på ein barnevernsinstitusjon.
Glad for oppreising
Stein Johansen seier at ingen erstatning kan lege såra hans, men er glad for oppreisinga frå politikarane i Trondheim:
- Eg syns politikarane i byen har gitt ei klar melding, slik vi kjenner det, har hatt tilsette i kommunen som ikkje har gjort jobben sin.