Hopp til innhold

Avlyser vaksinering i Namsos

Namsos kommune avlyser denne veka vaksineringa av vaksne innbyggarar som er i risikogruppa for å få svineinfluensa.

Vaksinering mot svineinfluensa
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Årsaka er at kommunen ikkje har fått nok svineinfluensavaksiner.

Namsos kommune har ikkje mottatt vaksine. Den planlagte vaksineringa i veke 46, av vaksne innbyggere i risikogrupper ved kommunens bu- og servicesenter må difor utsettast.

Barn og unge i risikogrupper blir prioritert, skriv kommunen i ei pressemelding.

Det blir tilbydd vaksine så langt det rekk ved helsestasjonen tirsdag og onsdag denne veka som tidlegare annonsert.

Ny informasjon om vaksinering av vaksne i risikogrupper kjem, opplyser komunen.

Massevaksinering Trondheim

Massevaksineringa av folk i Trondheim startar truleg 26. november.

Vaksineringa mot svineinfluensa vil ifølge Adresseavisen skje ved seks helse og velferdssenter i byen.

Desse vil vere opne frå klokka 0800 til 2000.