Avlyser festival i Trondheim

Festningen-festivalen som skulle gå av stabelen i Trondheim første helga i september er no avlyst. Det kjem fram i ei pressemelding. Festivalsjef Hermann Ørn Vidarsson seier dei ikkje lenger hadde noko val, sidan regjeringa i førre veke valde å utsette trinn fire av gjenopningsplanen. – Det er sjukt skuffande. Det såg lovande ut lenge, seier festivalsjefen til NRK.

Zara Larsson holder konsert på Festningen festival i Trondheim. det er et hav av publikummere foran scenen, og vi ser to store skjermer med Larsson på hver side av scenen.
Foto: Bjarte Johannesen / NRK