Tirsdag avgjer bygningsrådet i Trondheim om den tyske butikk-kjeda Lidl får etablere seg i byen. Lidl ønskjer å byggje på fire tomter som så godt som alle er regulert til andre formål.
På Flatåsen vil dei ha ei tomt som er regulert til friområde, på Tiller ein tomt regulert til kyrkjeformål. På Lade er det snakk om ei tomt som kommunen vurderer å sette av til barnehageutbygging, mens den siste tomta ligg på Havstein på Byåsen.
Samde politikarar
Politikarane NRK har vore i kontakt med tidlegare, er samde om at det er viktig med konkurranse i marknaden. Men dei har også sagt at fleire av tomtevala er uakseptable, og at det er dårleg utnytting av arealet å setje opp eit bygg med berre ein etasje og ein diger parkeringsplass.
Mandag var den tyske lågpriskjeda i møte med Trondheims politikarar. Om dei har fått politikarane til å ombestemme seg, får vi svar på tirsdag.