Hopp til innhold

Åtte frå Trøndelag er sakna

Fem personar frå Sør-Trøndelag, og tre frå Nord-Trøndelag er sakna etter skytinga på Utøya.

Utøya

MARERITT-ØYA: Utøya vart forvandla til eit mareritt for mange ungdomar fredag.

Foto: NRK

Dei tre frå Nord-Trøndelag kjem frå Namsos, Levanger og Stjørdal, i følge Fylkesmannen i Nord-Trøndelag. Dei presiserer at talet kan vere usikkert.

Det skal vere ein 15-årig gut frå Levanger, ein 16-åring frå Stjørdal/Meråker, og ei 19 år gammel kvinne frå Namsos.

Politiet i Sør-Trøndelag stadfestar overfor NRK at det er fem personar som er sakna. Fire frå Trondheim, og ein 17-årig gut frå Orkanger.

Leiteaksjonen rundt Utøya konsentrerer seg no rundt 4-5 sakna personar. I tillegg er 85 personar stadfesta drepne etter massakren fredag. Identifiseringsarbeidet av dei drepne er i gang.

37 kom til Trondheim

Alle kommunar har no sett i gong sine kriseteam etter det som skjedde i Oslo og på Utøya fredag. Gjennom fylkesmannen skal dei rapportere om utviklinga i sin kommune til Helsedirektoratet.

37 ungdomar frå med tilknytning til Trøndelagsfylka kom seint laurdag kveld frå Utøya tilbake til Trondheim. Dei vart tekne i mot på mottakssenteret som Trondheim kommune har oppretta, og vart tekne vare på der.

- Senteret blir halde ope til over helga, seier Trondheimsordførar Rita Ottervik (Ap).

Kartlegg kven som vil ha hjelp

Gjennom senteret tilbyr dei overnatting til dei som treng det, samstundes som det blir kartlagt kven som treng helsetenester på seinare tidspunkt.

- Det blir minnestund, og det blir jobba med oppfølging både frå kommunen og partiet si side i dagane og vekene framover. For dette vil ta tid, seier ordføraren.

Kyrkjene har gjennom helga blitt oppmoda om å halde dørene opne. Søndag kveld blir det også kveldsgudsteneste med lystenning i Nidarosdomen, med mellom anna ordføraren til stade.