– Eg kom heim igjen iskald, svolten og sur, fortel Camilla Skaret.
I går ettermiddag vart tolmodet hennar verkeleg sett på prøve.
Transportselskapet AtB innstilte alle bussar i Trondheim onsdag kveld på grunn av svært vanskelege køyreforhold.
Det vart meldt om kaos på vegane på det glatte vinterføret.
Måtte vente i fleire timar
Skaret var ferdig på jobb på Tiller, litt over ei mil utanfor sentrum, i går kl. 16. Då ho skulle ta ein buss inn til sentrum, måtte ho vente i halvannan time før det kom noko buss.
– Det var ingen metrobuss i sikte i alle fall. Dei kom seg visst ikkje opp bakkane, seier Skaret.
Ho gjekk av ved Nidarosdomen for å bytte buss. På haldeplassen sto det ein buss med nødblinken på, som ikkje kom seg av flekken.
HEIME: Camilla Skaret saman med ein av kattane hennar.
Foto: PrivatEtter å ha venta i over ein time der også, innsåg Skaret at ho måtte ta beina fatt. Kl. 19.30 var ho endeleg heime.
– Eg stupte ned i sofaen, og fekk endeleg mata kattane mine, fortel 29-åringen lattermild.
Skaret bur ganske sentralt i bydelen Møllenberg, men for andre som bur mindre sentralt vart det ein mykje lenger spasertur på glatta.
Det raske vêrskiftet førtet til at brøytemannskapa ikkje rakk å brøyte og strø på alle vegane, ifølge AtB.
– Det var ekstremt glatt, så det var ikkje gode køyreforhold. Det blei problem overalt på ein gang, seier Grethe Opsal. Ho er direktør for marknad og kommunikasjon i AtB.
Folk fortvilar på Facebook
Men Skaret og andre passasjerar fann ikkje noko informasjon om dei innstilte avgangane.
– Det vart gitt informasjon på skjermane på haldeplassane, men der ligg det ei stripe nedst som kan vere litt vanskeleg å sjå for kundane, fortel Opsal.
– Når det gjeld det å få informasjon i appen, så har vi stor forståing for at kundane opplevde det som mangelfullt. Vi jobbar med å få til betre avviksinformasjon når det oppstår situasjonar, legg ho til.
Fleire passasjerar har posta kommentarar på Facebook-sida til transportselskapet, der dei fortvilar over at dei måtte vente lenge ute i kulda.
– Det er sjølvsagt svært beklageleg at det blei lang ventetid på våre passasjerar, men sikkerheita kjem først, svarar dei.
PÅ TVERS: Det vart for glatt for denne bussen i Trondheim.
Foto: Ronny Teigås– Ein ekstraordinær situasjon
23:15 melde selskapet at bussane var tilbake i drift. Torsdag går bussane som normalt.
– Bør ein ikkje vere førebudde på eit vanleg, norsk vinterføre på vegane?
– Det var fleire som burde ha vore førebudde på at det blei vanskelege køyreforhold. Det gjeld dei som driv med vedlikehald på vegane også, meiner Opsal.
NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Trondheim bydrift utan hell.
Skaret meiner AtB «absolutt burde ha vore betre førebudde».
– Bussane kom køyrande med kjetting før i tida. Eg kan ikkje skjøne at det ikkje går.
Opsal fortel at det er sjeldan dei må innstille alle bussane i byen.
– Det var nok ein ekstraordinær og spesiell situasjon for alle i går. Vi vil seie at bussane våre er tilpassa vinterforhold, hevdar ho.
Skaret vil vere på den sikre sida, og har derfor ordna seg skyss heim frå jobb i dag.
– Eg vurderte faktisk heimekontor, seier 29-åringen.