Hopp til innhold

Assistent dømt for misbruk av stilling

Ein assistent ved eit busenter i Værnesregionen er dømt til seks månader i fengsel for å ha misbrukt stillinga si og hatt samleie med ein bebuar.
Den fornærma kvinna i 20 åra var i ein svært sårbar situasjon som sikta var klar over, meiner Trøndelag tingrett.

Mannen i 50-åra tilstod forholdet og er også dømt til å ikkje arbeide ved institusjonen i to år.
Han må betale 150 tusen kroner i oppreisningserstatning til kvinna.