NRK Meny
Normal

Med auge for endring

Miljøpartiet De Grønnes 1. kandidat i Nord-Trøndelag, Arvid Wold meiner det må skje ei stor endring for å redde samfunnet.

Miljøpartiet De Grønne
Foto: Miljøpartiet De Grønne

– Det moderne samfunnet er prega av krise på ei rekkje grunnleggande samfunnsmessige områd. Haldningar og viktige strukturtilhøve må endrast i tida framover. Etter mitt syn er MDG det partiet som går lengst i denne samanheng og som gir rimeleg personleg fridom i politisk samanheng, seier Wold til NRK Trøndelag.

Dei neste fire åra kjem Arvid Wold til å jobbe for den saka.

– Eg kjem til å jobbe for generelt å klargjere krisa og for å få fram kva alternative løysingar som finst med tanke på berekraftig utvikling, seier han.

Viktig med aksept

For Miljøpartiet De Grønne er det viktig å vere på politisk bølgelengde med samarbeidpartnarane.

– Vi må få aksept for i alle fall nokon grunnleggjande politiske oppfatningar og løysingar.

Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Det er vanskeleg å seie, men Sosialistisk Venstreparti, til ein viss grad Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti og Venstre burde vere muleg, legg Wold til.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Det blir truleg Framstegspartiet.

Nei til rovdyr

Arvid Wold er prinsipielt imot at vegutbygginga i Trøndelag skal finanierast med bompengar.

Han meiner også at det er rom for mindre rovdyr i Trøndelag, spesielt gaupe og jerv og til ei viss grad ørn.

– Dei registrerte stammene, som er eit minimumstal, er over dei fastlagte mål. Særleg innan dei distrikta som har reinbeiting må stammene regulerast strengare, seier Wold.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg er prinsipielt imot av lokaldemokratiske grunnar, men aksepterer ei samanslåing der innbyggjarane ønskjer det.

Send epost til Arvid Wold