NRK Meny
Normal

Byrkjeflot vil ha handling

Arne Byrkjeflot ville tilhøyre eit parti som ikkje berre meinte ting, men som også tok opp kampen og organiserte den.

Arne Byrkjeflot
Foto: privat

Rødtaktivistar er over alt og er heilt avgjerende i kampen mot pensjonsreformen og norsk krigsdeltaking i Afghansistan, meiner partiets førstekandidat i Sør-Trøndelag, Arne Byrkjeflot, til NRK Trøndelag.

– Eg meiner klimakrisa og matvarekrisa ikkje kan løysast innanfor kapitalismen og økonomiske kriser er ei del av systemen vi ikkje kan unngå, og då er det ikkje noko anna alternativ enn Rødt, seier Byrkjeflot.

Fokus på fagrørsla

For Arne Byrkjeflot er det fagrørsla som ligg hjartet nærmast. Dei neste fire åra vil han bringe fagrørslas krav inn på Stortinget.

– Det viktigaste er å få tiltak mot den økonomiske krisa, ikkje berre hjelp til bankane. Ei kraftig styrking av kommuneøkonomien, innføring av ungdomsgaranti, høgare og meir langvarig arbeidsløysetrygd er nødvendig. Og så må nytt forslag til uføretrygd stoppast, seier Byrkjeflot.

Garantist mot Høgre og Frp

Arne Byrkjeflot er fagforeiningsleiar av natur og opptatt av resultat.

– Eg samarbeider med alle som gjer det muleg å få gjennom dei sakene vi slåss for. Men Rødt er ein garantist mot ei Høgre/Frp-regjering.

Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Sosialistisk Venstreparti.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Framstegspartiet.

Veg til øyriket

Partiet Rødt har stemt imot alle bomvegprosjekt i Trøndelag, unntatt sluttføringa av E6 Aust som kjem. Dei meiner Trondheimspakka har for få kollektive tiltak med tanke på vegutbygging.

– Vi prioriterer jernbane framfor veg og vi prioriterer veg til Hitra og Frøya framfor E6 sørover, seier Byrkjeflot.

Meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Eg meiner bruk av utmark til sauehald og reindrift er heilt nødvendig både for busetting i Noreg og med tanke på matvarekrisa. Det betyr at rovdyrstamma må haldast nede slik at det er muleg.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Vi meiner samarbeid mellom kommunar er vegen å gå. Små kommunar har eit demokratisk fortrinn, nærleik til politikarar og administrasjon er undervurdert, seier Rødtpolitikaren.

Send epost til Arne Byrkjeflot

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.