Arbeidsulukke i Hemne

På Hellandsjøen i Heim kommune er det meldt om ei arbeidsulukke. Ein person skal ha fått noko over seg under lossing opp på ein lastebil. Det er meldt om personskade på éin person. Naudetatane er på veg til staden, skriv politiet på Twitter. – Luftambulanse er på veg, opplyser operasjonsleiar Håvard Høyem i Trøndelag politidistrikt til NRK.