Hopp til innhold

Arbeidsplassar kan forsvinne

Rundt 100 arbeidsplassar kan forsvinne frå Røros. Bedrift seier dei må betal skyhøge tomteprisar for å utvide, og heller vil satse i nabokommunen.

Kjerkgata, Røros
Foto: Hans H. Bjørstad

Dei tilsette på Røros Bruk og Røros Trevarefabrikk er opprørte:

- Vi stiller oss veldig undrande til dei som styrer næringspolitikken i Røros kommune.

Ståle Rønning er hovudtillitsvald på Røros Bruk som er eit av selskapa som Porsgrunn- firmaet Isola Holding ønskjer å bruke 120 millionar på kjøpe og utvide på Røros.

- Pressar prisane

Men no kan det vere den planlagde storfabrikken ikkje blir i kommunen likevel. På bakgrunn av tal som Rønning har fått frå leiinga, meiner han at Gjøsvika invest som forvaltar eigedomen Isola vil kjøpe, pressar opp prisane:

- Det er meininga at dei skal mjølke selskap som skal fortsette eller starte ny verksemd i kommunen, seier Rønning.

 

- Prisar etter markaden

Gjøsvika invest er eit selskap som forvaltar mange store næringseigedomar i Røros-området. I styret sit blant andre ordføraren og næringssjefen i Røros. Styreleiar og ordførar John Helge Anderssen, avviser at selskapet prøver å mjølke Isola:

- Om det skulle bli lagt til Trondheim så hadde det blitt mykje dyrare. Prisane her har med marknadsforhold å liknande å gjere, sånn er no berre verden.

Prisen avgjer

For no har nabokommunen Os tilbudd ei tomt som skal vere langt billigare. Administrerande direktør i Isola Holding, Erik Withbro fortel kva som avgjer om dei går for Røros eller Os:

- Det er kostnadar, ikkje berre på å kjøpe ut naboar, men totalkostnadane for heile prosjektet.