Hopp til innhold

Denne appen skal hjelpe deg med ryggsmerter

Ein app, basert på kunstig intelligens, gir gode resultat for personar med vondt i ryggen, syner ny forsking frå NTNU.

Bilde av en som holder en mobiltelefon med appen selfBACK som skal hjelpe en mot ryggsmerter. Lyse farger. Personen som holder mobilen har ringer på fingrene.

SELFBACK: Det har tatt fem år utvikle og evaluere app-systemet. Paul Mork, professor ved Institutt for samfunnsmedisin understrek at appen først og fremst skal vere eit hjelpemiddel til vanleg behandling.

Foto: Kai T. Dragland / Kai T. Dragland

– Ryggplager er ein av dei vanlegaste årsaka til uføre i verda, og blant dei vanlegaste årsakene til sjukemeldingar, seier professor Paul Jarle Mork ved Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie ved NTNU.

Faktisk vil dei fleste av oss, mellom 60 og 80 prosent, vere plaga av ryggsmerter i løpet av livet, ifølgje folkehelseinstituttet (FHI).

Ideen om å utvikle eit digitalt verktøy som kan hjelpe menneske med ryggplager kom opp i 2015. Eldsjelene bak prosjektet var Mork og førsteamanuensis Kerstin Bach. Sidan fekk dei med seg eit forskingsteam frå NTNU og partnarar frå ulike land til å utvikle ein app som har fått namnet Selfback.

Appen skal gjere fleire i stand til å handtere ryggplager på ein betre måte, opplyser Mork.

– Det kan hjelpe folk i ein tidleg fase for å unngå uføre, og kan potensielt spare samfunnet for enorme summar, seier han engasjert.

Bilde av Paul Jarle Mork, professor ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU. Vindu i bakgrunn. Mørkeblå genser og rutete skjorte under genseren. Forsiktig smil mot kameraet.

INTERNASJONALT SAMARBEID: Professor Paul Mork fortel at dei har fått med seg støttepartnarar frå mange ulike land. Nokon av dei er: Syddansk Universitet (Danmark), Robert Gordon University (Skottland), University of Glasgow (Skottland), Det Nationale Forskningscenter for Arbeidsmiljø (Danmark), Health Leads (Nederland) og Trade Expansion (Danmark).

Foto: Kai Drageland / NTNU

Kunstig intelligens

– Appen skil seg ut frå andre helseappar på den måten at han er basert på vitskapeleg dokumentert kunnskap og bruk av kunstig intelligens, seier Mork, og held fram:

– Han skal vere eit hjelpemiddel i tillegg til klinisk behandling. Men han skal ikkje erstatte klinisk behandling.

Ifølgje Mork vil appen forklare deg kva ryggsmerter er, og gi deg tilpassa råd og tilbakemeldingar om ting du kan gjere for å handtere smertene. Dette inkluderer mellom anna fysisk aktivitet og treningsøvingar.

Sidan appen bruker kunstig intelligens og erfaringar frå andre folk med ryggsmerter, vil råda ein får vere spesielt tilpassa kvar enkelt person.

– Med andre ord har appen evna til å bruke om att kunnskap frå tidlegare pasientar som har fått det betre, forklarer Mork.

Kerstin Bach, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk, NTNU. Hvit bakgrunn. Kvinne med langt, mørkt hår og svart skjortefrakk. Smiler.

KERSTIN: – Før du byrjar å bruke appen, må du svare på nokre spørsmål, mellom anna om livsstil og ryggplagene dine. Svara dine blir samanlikna med dei frå andre folk som bruker appen, og resultata dei oppnår ved å bruke appen. Slik kan appen tilpasse råda for nettopp deg, skriv Kerstin Bach i ei pressemelding. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU,

Foto: Kerstin Bach

Stødige forskingsresultat

For å evaluere effekten av appen gjennomførte forskarteamet ein randomisert kontrollert studie som inkluderte 461 pasientar med ryggsmerter frå Noreg og Danmark.

– Rundt halvparten tok imot vanleg behandling frå helsepersonell. Den andre halvparten gjorde òg det, men brukte i tillegg appen forklarer professoren.

Tre, seks og ni månader etter at dei byrja å bruke appen, blei deltakarane spurt om eventuell framgang.

Etter tre månader rapporterte 39 prosent av pasientane som ikkje brukte appen at dei hadde blitt betre i ryggen, medan heile 52 prosent av gruppa som brukte appen opplevde det same.


– Sannsynet for at folk blei betre frå plagene sine var rundt 32 prosent høgare blant dei som brukte appen. Dei same forskjellane var òg til stades etter seks og ni månader, seier professor Mork.

En person med lys overdel og grønn bukse gjør en ryggøvelse. Bilde fra NTNU i forbindelse med en ny app som skal hjelpe mot ryggplager.

EIGEN PLAN: – Kvar veke gir appen deg ein eigen spesielt tilpassa plan som du kan følgje, seier professor Mork.

Foto: Kai T. Dragland / Kai T. Dragland

Lege Erik Werner: – Flott viss kunnskapen er riktig

– Det er fint at det har blitt utvikla ein slik app og det ligg jo litt i tida, seier Erik Lønnmark Werner.

Han er kommuneoverlege i Arendal og har doctor medicinae på ryggproblem.

– Eg har ikkje sett appen sjølv, så eg kan jo ikkje gå god for innhaldet. Men på eit generelt grunnlag så vil eg seie at ein slik app berre er ein ny måte å formidle kunnskapar på. Så viss han faktisk er kunnskapsbasert så er det jo flott.

Werner fortel at det finst ein del forsking på slike elektroniske plattformer og at folk ofte spør etter dette for å hente inn nye kunnskapar om helse og liknande.

Werner seier at folk av og til kan ha større nytte av slike appar enn av råd og rettleiing frå lege, kiropraktor eller fysioterapeut.

Samstundes peiker han på at det er viktig at kunnskapen pasienten finn i appen ikkje går på tvers av dei råda personen får frå profesjonelt hold.

Erik Werner kommuneoverlege Arendal

EKSPERT I RYGG: Lege Erik Werner seier han er positiv til den nye appen som NTNU har utvikla. Men det viktigaste er innhaldet som ligg i appen og kva for ein kunnskap og råd som blir gitt der, seier han.

Foto: Leif Dalen / NRK

Blir publisert i JAMA

EU har støtta Selfback prosjektet med 5 millionar euro, meir enn 50 millionar kroner.

– Resultata frå den randomiserte kontrollerte studien har no blitt publisert i JAMA Internal Medicine, seier Mork stolt.

JAMA er eit av dei største medisinske tidsskrifta i verda. På spørsmål om appen snart vil bli tilgjengeleg for alle som slit med ryggplager svarer Mork:

– Vi er eit forskingsprosjekt og driv ikkje med forretningsutvikling, men det er mogleg at appen vil bli lisensiert til eit firma som vil kommersialisere han.

Håpet til professoren er at det skal bli ein type reseptbelagt app som blir tilgjengeleg for dei som treng det.

– Vi vonar det vil skje i løpet av 2022, seier Mork.