Appen  «Hjelp 113» kan redde liv

Stiftinga Norsk Luftambulanse håper fleire vil ta i bruk appen «Hjelp 113». Med den kan du nå AMK-sentralen, brann eller politiet i ein nødsituasjon. Dei kan då finne ut kvar du er via koordinatar på telefonen din. Appen er oppretta med støtte frå Helsedirektoratet og Norsk Luftambulanse meiner den kan redde fleire liv.

Appen som kan bli svært viktig på fjellet
Foto: Mathias Oppedal / NRK