Hopp til innhold

Turfellesskap vart god medisin mot einsemd

Då mange var einsame under pandemien, tok Ann Kristin grep. Takka vere henne har mange funne eit heilt nytt fellesskap.

Ann Kristin Michael er finalist til Årets hverdagshelt 2022

Ann Kristin Michael leier an Turvenner i Trondheim. No er det fleire titals turvenner som møtes kvar veke i marka.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Er det tungt å gå? De må seie frå viss vi går for fort!

Trakkemaskina har enno ikkje rokke å køyre opp skiløyper i Bymarka. Nokre solstrålar slepper så vidt gjennom dei snødekte grantrea, og den kvite turstien er som teke ut frå eit norsk julepostkort.

Seinare same kveld skal heile Trondheim få oppmoding om å la bilane stå på grunn av snøkaos i byen. Det stoppar ikkje dei 35 personane som har møttest for å gå onsdagsturen saman.

Med gåstavar og turklede - nokon har til og med teke med seg truger og nisseluer - er dei på tur til Elgsethytta for å ete årets julelunsj.

– Vi hadde same tur i fjor, og det var heilt magisk. Dette skal bli ein tradisjon, slår Ann Kristin Sørburø Michael fast.

Rom for alle

I juli 2020 starta ho Facebook-gruppa «Turvenner i Trondheim».

Tanken var å gjere noko for å betre si eiga helse då ho var sjukmeld.

No, to og eit halvt år seinare, har gruppa vakse seg enorm, med ei medlemsliste på over 2600 personar. Kvar einaste veke blir det arrangert fleire turar, og alle som ønskjer kan bli med.

– Eg trur det er ryktet som går. Det er rom for alle her, og det er ein triveleg og positiv gjeng, seier Michael.

Dei siste to åra har ho berre avlyst éin tur. Då var det 19 minusgrader, og kanskje like greitt. Elles arrangerer ho tur kvar onsdag og torsdag.

I tillegg kan kven som helst ta initiativ til eigne turar i gruppa sjølv.

– Det er mange frivillige i gruppa. Som gir av seg sjølv, og som byr på seg sjølv, seier Michael.

Kari Fossum

For nytilflytta Laila Rask vart Trondheim turlag døra til sosialt fellesskap og rask tilhøyrsel til Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Breidd spekter

Michael kjende berre éin av dei 35 personane på dagens onsdagstur før ho oppretta Facebook-gruppa. No kjenner ho nesten alle.

– Vi blir godt kjende. Det er sjølvsagt ikkje alle som er med på alle turane, men ein møter alltid nokon. I snitt er vi kanskje 25 personar kvar gong, seier Michael, før ho brått stoppar opp.

– Hallo! No tek vi to minutt på toppen. Vi må få igjen pusten, roper ho framover.

Klyngja som går føre Michael, roper beskjeden vidare, og plutseleg er alle 35 samla igjen, på toppen av bakken.

Målet er at alle skal gå nokolunde samla. I alle fall dei første to kilometerane.

– Når vi kjem halvvegs kan dei sprekaste dra på litt, viss dei vil. Så slepper vi kaos i døra når vi kjem fram, seier ho.

Ein fristad

I ei så stor gruppe, er nivået på turgåarane naturlegvis varierande. Alle er velkomne, og her finst det alt frå typiske søndagsturgåarar, til folk som har sprunge opp til Vassfjellet med bildekk hengande bak seg.

– Det er den gjengen som går lengst fram, ler Michael.

Men å «berre» gå tur eit par gonger i veka gjer også underverk for forma.

– Forma mi har i alle fall stige betrakteleg sidan vi starta med dette. Eg har merka det mykje. Men fokuset mitt er på kva dette gjer med psyken, seier ho.

Då turgruppa vart starta, stod landet midt i ein pandemi. Mange var isolert, utanfor og mangla aktivitetar - og ikkje minst folk å gjere aktivitetane med.

– Det var så mange einsame folk rundt omkring som gjekk på sine daglege turar, men som ikkje hadde nokon å gå saman med. Å starte denne gruppa er det luraste eg har gjort, fann eg ut. Det gagna veldig mange, seier Michael.

– Her vart vi samde om å ikkje snakke om pandemien. Vi vart jo bombarderte med koronanyheiter overalt elles, så denne gruppa vart ein fristad.

Medlemmene har dessutan vorte samde om at det som snakkast om i gruppa, blir i gruppa.

– Det blir mykje gode samtalar og fortrulege ting når ein går saman. Alle har jo ei historie, seier Michael.

– Blir heilt rørt

– At Ann Kristin er nominert til årets hverdagshelt er kjempebra, og veldig fortent, seier Mina Frostad.

Ho er ein av mange som har fått kjenne på fellesskapet Michael har skapt. Ikkje berre blir ein kjent med nye menneske, men ein får også nye turopplevingar, forklarer ho.

– Dette er min femte tur, og vi har enno ikkje gått same stad to gonger.

Fleire gonger i veka sender gruppemedlemmer melding til Michael, og fortel om kor mykje gruppa betyr for dei.

– Eg blir heilt rørt når eg tenkjer på kva folk seier. Dei kjem seg ut uansett vêr, møte kjende ein til to gonger i veka, dei veit at nokon ventar på dei, og dei kjenner på eit fellesskap, seier ho.

– Og eg har jo fått mange nye venner sjølv, òg. Ikkje berre vedkjende seg, men gode venner. Vi har vore heime hos kvarandre, og møttest for å gå turar utanfor gruppeturane. Det er mange som har vorte kjent med kvarandre her og arrangerer sine eigne turar i mindre grupper. Det er ikkje alltid ein ønskjer å gå i ein stor flokk.

– Ikkje lett å få venner i vaksen alder

På turen til Elgsethytta møte vi fleire andrev i turfølgje. Michael er på hels med mange av dei.

– Eg har fått eit veldig stort nettverk, seier ho.

– Det er ikkje så lett å få seg venner i vaksen alder. Ei av damene i gruppa her flytta til Trondheim i fjor, og kjende ingen. Ho fann gruppa her på Facebook, og no har ho bestevenner her som møtest og reiser saman. Det er kjempefint.

Stig Arne Eriksen

Stig Arne Eriksen rosar det sosiale livet i turlaget og meiner det er grunnen til at han kan komme seg ut av godstolen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ho understrekar at det ikkje er ho som skal ha all æra for gruppa.

– Den hadde jo ikkje vore noko om det ikkje var for alle medlemmene som er med. Og det er ikkje berre eg som er turleiar, andre stiller også velvillig opp når dei blir spurde, seier ho.

I tillegg rosar ho arbeidsgivaren Medicus, som har vore flinke til å leggje til rette arbeidsdagen hennar etter at ho vart sjukmeld, slik at ho kan jobbe to dagar i veka.

– Onsdagar har eg fri, for då er det turdag. Eg har skjønt det etter kvart, at helsa er viktigast. Det trur eg alle i denne gruppa har skjønt, seier ho.

– Eg er heldig. Eg stortrivst på jobben min, og det er ein fin ting å ønskje seg tilbake til den same jobben når ein er sjukmeldt. Eg høyrer mange historier herfrå der arbeidsgivarar som verken kan eller vil leggje til rette på den måten. Eg kjenner meg veldig priviligert.

Les også Smilet hans førte ham til Britannia hotel

Herbert Klein, "Doorman" på Britannia Hotel

Les også Kjærleiken til kona har gitt brannbilar og hjelpeutstyr til Ukraina

Odd Steinar Rønne, finalist Året hverdagshelt 2022