Ankar overgrepsdom på ni år

Den 37 år gamle hordalandsmannen som er dømd til fengsel i ni år for omfattande nettovergrep, ankar dommen til lagmannsretten. Mannen blei nyleg funnen skuldig i overgrep mot ti jenter frå heile landet, ei av dei frå Trøndelag, i tillegg til ei seks år gamal sunnmørsjente. Forsvararen hans, Ole-Petter Grythe Hoff, seier at mannen ankar over straffeutmålinga og skuldspørsmålet i forhold til den seks år gamle jenta.