Hopp til innhold

Alvorlig skadd etter utforkøyring

Ei kvinne i 30-åra er alvorleg skadd etter å ha køyrd utfor vegen i Nord-Trøndelag.

Utforkøyring ved Sparbu
Foto: Erling Molt Korsnes / NRK

Politiet rykte ut i 21-tida søndag kveld då ei kvinne køyrde utfor vegen sør for Sparbu på Rambergsmyra i Steinkjer kommune.

Luftambulanse

Kvinna vart henta med luftambulanse og er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Innsatsleiar for politiet, Lisbet Schjelderup seier det ser ut til at bilen har haldt høg fart og at kvinna er alvorlig skadd.

Ingen fleire skadd

Det var berre ein person i bilen, og ingen andre vart skadd i ulukka. Bilen skal ha snurra rundt fleire gongar før den køyrde av vegen.