Hopp til innhold

Sikta for tre lovbrot på tre dagar – no er han varetektsfengsla

Mannen er sikta for vald med eit stikkvåpen i Stjørdal tysdag, og fleire andre saker i Trøndelag dei siste dagane. No er han varetektsfengsla i fire veker.

POLITIAKSJON: Eit vitne fanga konfrontasjonen mellom mannen og politiet på film.

Politiet vart tysdag kl. 19 varsla om slagsmål med fleire involverte i Fosslia i Stjørdal.

Seinare på kvelden vart ein person pågripen. Han vart sikta for kroppsskade.

Mannen i 20-åra som vart utsett for vald, er innlagt på St. Olavs hospital, og tilstanden er opplyst å vere stabil. Politiet opplyste tysdag at vedkommande var alvorleg skadd.

Personen vil bli avhøyrt så snart tilstanden hans gjer det mogleg.

LES OGSÅ Etterforsker alvorlig voldshendelse i Stjørdal

Politibiler i Stjørdal i Trøndelag etter en voldshendelse.

Brukte stikkvåpen – sikta i fleire andre saker

I Trøndelag tingrett kom det under fengslingsmøtet fram at den sikta mannen, som også er i 20-åra, brukte stikkvåpen.

Onsdag ettermiddag vart vedkommande varetektsfengsla i fire veker. Dette samtykka mannen til.

Politiet opplyser at mannen som er pågripen, er sikta for fleire forhold i løpet av dei tre siste dagane.

– Vi bad om fire veker varetekt fordi vi meiner det er sterkt sannsynleg at han vil gjere nye straffbare handlingar. Vi treng tid til å etterforske sakene nærare, seier politiadvokat Berit Foss Presthus til NRK.

Retten meinte også det var fare for gjentaking.

Forsvarar Tore Angen bad om at den sikta vart lauslaten, sidan han er under rusbehandling ein anna stad i landet, og det ikkje har skjedd straffbare forhold i løpet av denne tida.

– Det har skjedd eitt eller anna som gjer at det har gått gale dei siste dagane. Det kan vere rusrelatert, sa Angen i retten.

Politi lyser med lommelykt etter valdshending i Stjørdal

STJØRDAL: Politiet gjorde undersøkingar på åstaden tysdag kveld.

Foto: Bjarte Johannnesen / NRK

Erkjente eitt av forholda

I forbindelse med ei hending i Trondheim søndag 17. april, der ein person skal ha forsøkt å true til seg ein bil, er mannen sikta for fridomsrøving frå eit barn, skadeverk på politibil og vald mot ein offentleg tenestemann.

– Eg såg ikkje sjølve kapringa, men eg såg konfrontasjonen mellom mannen og politiet. Mannen kasta stein på politibilen, fortel eit vitne til NRK.

Mannen er også sikta for å ugrunna ha skaffa seg tilgang til ein bustad i Steinkjer natt til tysdag 19. april. Der la han seg i ei seng for å sove. Dette erkjente mannen i retten.

Han nekta straffskuld for dei andre forholda, og ynskte ikkje å forklare seg.

Mannen i 20-åra slapp fri etter begge desse hendingane.

– Kvifor vart det ikkje varetektsfengsling etter desse to hendingane?

– Påtalemyndigheita vurderte på det tidspunktet at det ikkje var grunnlag for å fengsle den sikta då. Men i dag meinte vi at det var grunnlag for det, seier Presthus til NRK.

I rettsavgjerda kallar dommaren oppførselen til den sikta for «grenselaus».

Politi med lommelykt ved sida av politibil

POLITIET: Politiet i Stjørdal tysdag, der ein mann i 20-åra vart alvorleg skadd.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Ikkje tilfeldig vald

Politiet har gjort kriminaltekniske undersøkingar og gjennomført ei rekke avhøyr for å klarlegge hendingsgangen i Stjørdal tysdag.

– Politiet har ikkje noko informasjon om noko relasjon mellom den sikta og den fornærma, men vi kan seie at det ikkje er tilfeldig vald, opplyser politiadvokat Presthus.

Den sikta har erkjent delvis straffskuld, opplyser politiet.

Retten oppheva referatforbodet under fengslingsmøtet.