Hopp til innhold

Mann omkom under skogsarbeid i Verdal

Ein mann i 60-åra mista livet etter ei ulukke under trehogst søndag.

Politiet er på stedet der mann døde i ei arbeidsulykke

SKOGSULUKKE: Ein mann omkom under trehogst i Verdal.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Politiet i Trøndelag melde om ei alvorleg ulukke kl. 13.19. Det vart meldt om éin livstrugande skadd.

Like før kl. 14 bekreftar politiet at vedkommande er død. Pårørande er varsla.

Mannen var aleine under skogsarbeidet.

– Det var ein kamerat som hadde avtalt å hjelpe til med skogsarbeidet, som fann mannen med eit tre delvis over seg, fortel operasjonsleiar Rune Brandmo i Trøndelag politidistrikt.

Politiet vart varsla om ulukka kl. 12.47.

Ulukka skal ha skjedd i området mellom Stiklestad og Vuku, ifølge lokalavisa Innherred.