Mannen kom syklande og kolliderte med ein bil i krysset mellom Leangenveien og Ranheimsvegen, opplyser politiet til NRK Trøndelag.
I følgje St. Olavs Hospital har mannen alvorlege skadar, men tilstanden er stabil. Han er no til behandling ved operasjonsavdelinga.
Politiet er usikre på kva som er årsaka til ulykka, men vil avhøyre bilføraren i løpet av formiddagen. Han kom uskadd frå ulykka som skjedde klokka 07:40.