Alle tre varetektsfengsla i Steinkjer-saka har anka

Den tredje personen som er varetektsfengsla etter at ein 44-åring frå Litauen vart funnen død på Steinkjer i helga, har anka avgjerda inn for lagmannsretten. Dei to andre anka allereie i går.

Person funnet død i Steinkjer

Det var grytidleg søndag morgon at politiet vart tilkalla til ei bustadblokk i Steinkjer på grunn av festbråk. Da dei kom dit, fann dei ein livlaus mann på bakken.

Foto: Terje Næss

Forsvarsadvokat Trond Peder Nilsen

Forsvarsadvokat Trond Peder Nilsen.

Foto: Frank Almås / NRK

Dei tre er sikta for lekamsskading med døden til følgje etter at ein 44-årig mann frå Litauen døydde etter eit fall frå ein veranda i Steinkjer søndag morgon. Dei tre hadde vore på samme fest som mannen og kona hans.

Alle tre nektar straffskyld, men vart tysdag varetektsfengsla i to veker, med brev- og besøksforbod.

To av dei sikta anka fengslinga på staden. Den tredje tok områdingstid, men har har i òg dag anka, opplyser politiet i ei pressemelding onsdag.

Behandlast tidlegast torsdag

Lagmannsretten vil tidlegast kunne behandle ankane torsdag, ifølge politiet.

Ein fjerde person er sikta for lekamskrenking, men vart slept fri i går.

Den førebelse obduksjonsrapporten viser at 44-åringen døydde av kraniebrot og hjerneblødingar.

Politiet etterforskar saka for fullt, skriv dei i pressemeldinga.

– Kan vere andre forklaringar

Dei sikta har til dels motstridande forklaringar om kva som skjedde.

Politiet meiner at mannen døde av fall frå verandaen, og at den førebelse obduksjonsrapporten viser at nokon har puffa eller kasta han ned frå verandaen.

Trond Peder Nilsen opnar for at det kan vere andre forklaringar. Han er forsvarar for den 51-årige mannen som er sikta.

Han presiserer at han sjølv ikkje veit kva som har skjedd.

– Eg har forklaringa til klienten min, men han har ingen kunnskap om korfor mannen døde. Det vi veit, er at kona til den avdøde mannen og ein person til, var utanfor leilegheita, og at ho ropte og skreik. Andre bebuarar har fortalt at dei vakna av dette bråket. Dermed er det sannsynleg at mannen som var inne, også høyrde det, seier Nilsen.

Han gjer eit tankeeksperiment:

– Om du hadde vore i ei leilegheit med ein veranda tre-fire meter over bakken, og høyrde at din kjære ropte at han eller ho trengde hjelp av ein eller annan grunn, kan det tenkast at du hadde hoppa for å komme til hjelp? Det blir rein spekulasjon, men eg har stilt meg sjølv dette spørsmålet, seier Nilsen.

Motstridande forklaringar

Han presiserer at han ikkje veit om mannen høyrde kona rope, men konstaterer at andre i blokka har vakna av det.

– Det kan vere mogleg at han også høyrde det, seier Nilsen.

Det er motstridande forklaringar om kva som skjedde før mannen falt ned frå verandaen.

Det skal ha vore slåsting i leilegheita. Men om dette var rett før mannen falt ned frå verandaen, eller tidlegare, er uklart.

Klienten til Trond Peder Nilsen seier at slåstinga roa seg, og at han sjølv gjekk for å legge seg og ikkje fekk med seg meir av det som skjedde.

Kona til avdøde seier til Trønder-Avisa at det var slåsting, og at ho gjekk ut, vart følgd av ein annan mann, at han prøvde seg på ho – og at det var difor ho skreik.

Den sikta kvinna på 53 år seier ifølge forsvarar Tore Welde at ho ikkje registrerte at det var aktivitet på verandaen, og at ho ikkje har meining om kva som har skjedd.

– Kan det ende med at vi aldri får vite kva som er sanninga om det som skjedde på verandaen i Gamle Kongeveg søndag morgon?


– Det kan hende. Det hender i nokre saker. I så fall ender det med at saka blir lagt bort «på grunn av bevisets stilling», seier Nilsen.

Les: Politiet har bedt Kripos om hjelp

Les: Kripos: – Har rett og slett ikkje kapasitet