NRK Meny
Normal

Alle høyrer pasientopplysingane

Nye St. Olavs Hospital i Trondheim er altfor opent, meiner tilsette som må diskutere helsa til pasientane i korridoren.

Utskrivningsklare pasienter St. Olavs Hospital.
Foto: NRK.

 

St. Olavs Hospital
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Dei gamle vaktromma er tatt bort og erstatta med opne arbeidsstasjonar ute i korridorane. Der kan helsetilstand og konfidensielle opplysingar bli diskutert, mens kven som helst kan høyre på.

Midt i gangen, på avdelingane i det nye kvinne-barnsenteret i Trondheim, står arbeidsstasjonane. Pultar med datamaskiner og telefonar, er plassert der alle går fram og tilbake.

Bryt teieplikta

Her skal personalet snakke med legar og pårørande, i tillegg til å svare på andre telefonar. Folk som går forbi kan høyre kva som blir sagt, og sjå kva som står på dataskjermane. 

- Sensitive pasientopplysingar kan bli lett tilgjengelege for pasientar og pårørande, seier assisterande avdelingssjukepleiar Kristin Johansen, ved gynekologisk avdeling, til NRK Trøndelag.

Treng eigne vaktrom

Johansen meiner eigne vaktrom vil løyse problemet og gjere det lettare å halde teieplikta. 

Sjeflege ved sjukehuset, Ola Bergslien, innrømmer at dette er eit problem og ser at det manglar slike rom. Pasientane vil ha eit ope sjukehus med tilgjengeleg personell og det har prega planlegginga, seier han.

- Bygginga har skjedd i nært samarbeid med pasientorganisasjonane som vil ha eit ope sjukehus, der tilsette ikkje er gøymt bak veggar og gardiner, seier Bergslien.

Han legg til at det kan sjå ut som det ikkje har vore nok fokus på informasjonstryggleiken.