Hopp til innhold

Naturen fekk tidleg julegåve

Skogvernet er det mest omfattande nokon gong, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen. No før jul blir nye 49 skogområde verna for framtidige generasjonar.

Ekornvatnet i naturreservat i Namsos

Fossefall ned i Ekornvatnet, i Ekorndalen i Namsos.

Foto: Kjartan Trana / NRK

I 2017 blir mykje skog verna i nye naturreservat. Totalt er det i år verna 114 skogområde på 213 kvadratkilometer produktiv skog. Regjeringa har i ei førjulsgåve til naturen, verna eit halvt hundre nye skogsområde i ti fylke.

– Det rekordstore skogvernet i år er eit steg på vegen mot at vi skal verne ti prosent av skogen. Dette vil vere med på å ta vare på mange trua artar og naturtypar, seier Vidar Helgesen.

Nord-Trøndelag eit av fylka som får del i gåva

Åtte nye naturreservat fekk til dømes innbyggarane – og dei framtidige innbyggarane i Nord-Trøndelag, som gåve til denne helga.

I statsråd fredag vart åtte nye, geografiske område nord i Trøndelag sikra eit betre vern for framtida.

Samstundes vart fire eksisterande naturreservat i fylket utvida, slik at utstrekninga deira blir større.

Skogslag på raudlista over truga natur

Du veit kanskje ikkje at gammal låglands-granskog på mineralrik grunn kan vere kalkgranskog og såkalla boreal regnskog, slik regnskog Noreg gjerne vil at andre land i andre verdsdelar, skal ta vare på.

Men også her til lands finst den, regnskogen, og slik skog er raudlista som skogtypar det finst lite att av.

Du veit kanskje ikkje at slik er det i Skavdalen i Inderøy som no blir nytt naturreservat, og at det der attpå til er store forekomstar av daud skog.

Du kan altså gå ikring i skogens kyrkjegard. Der det daude blir til det nye.

I Almdalen i Namsos er det også slik, og no blir Almdalen naturreservat utvida.

Almdalen i Namsos - naturreservat

I ein slik geografi som her i Almdalen naturreservat i Namsos, fekk naturen i alle år stå i fred for inngrep fordi den var for utilgjengeleg. No blir den verna som verdfull å ta vare på, urørt for ettertida.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Det er slike område det blir færre og færre att av, ettersom nytteverksemd har gjort inngrep i meir og meir av den urørde naturen, i den nytteinnretta tida vi er inne i.

Gullprikklav og trønderflekklav

Og kva tenker du når du får høre at i Namdalseid, i Altskaret, som no blir verna, skjer det mellom anna på grunn av rike forekomstar av trønderlaven.

Og gullprikklaven. Og vi skal ikkje gløyme: Lungenever, sølvnever og blåfiltlav.

Det er vatnsig i området og sumpskog forekjem i hyller i terrenget.

Ulike lavtypar er det også mykje av i det nye Storengvatna naturreservat i Fosnes, mellom anna den sers truga kystkant-laven som no kan håpe på nye tusenår å leve og kanskje meir.

Krattfiol og taggbregne

I Kolåsen i Snåsa finn du ikkje kommunevåpen-orkideen Snåsa er kjend for.

Men du finn mykje blåveis og praktslørsopp og fiolslørsopp, taggbregne og krattfiol.

Granskogen er grop. Det er bekkedalar og trongt og bratt. Ikkje terreng å ta seg fram i for alle, inga allmenn tilrettelegging kan kome på tale her.

Utsikt over Ekorndalen

Utsyn over Ekorndalen i Namsos.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Skal ein verne lav og smårask?

Det har ofte vore strid om vern av skog, som nokre meiner må vere ein økonomisk ressurs, og ikke eit museum for lav og anna smårask som få legg merke til.

Men å hogge eldre, sjeldan skog, kan vere som å rive ei stavkyrkje, sa ein representant for verdas villmarksfond, WWF, til NRK for eit år sidan.

Og ikke berre stumme organismar blir offer når storsamfunnet gjer vei i vellinga i skogen. Da råkar det songfuglane også.

Hogstmaskinane stilnar gjerne fuglesongen når dei kjem.

Desse 49 områda er julegåva til naturen i 2017:

Strandaliane naturreservat i Suldal kommune, Rogaland fylke

Svingervann naturreservat (utviding) i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke

Vassvann naturreservat i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke

Heddeviksfjell naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder fylke

Kviteflogi naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder fylke

Rosstøl naturreservat i Tvedestrand kommune, Aust-Agder fylke

Åslandsøya og Kjeøya naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke

Hækjenkleiv naturreservat i Åmli kommne, Aust-Agder fylke

Reismyr naturreservat (utviding) i Åmli kommune, Aust-Agder fylke

Vardeheia naturreservat (utviding) i Åmli kommune, Aust-Agder fylke

Bjørnstadfjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke

Fossbufjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke

Langåsen naturreservat i Flesberg og Rollag kommuner, Buskerud fylke

Surtebergflaget naturreservat i Krødsherad kommune, Buskerud fylke

Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat (utviding) i Sigdal, Rollag og Nore og Uvdal kommuner, Buskerud fylke

Veikulåsen naturreservat (utviding) i Gol kommune, Buskerud fylke

Juvsåsen naturreservat (utviding i Sigdal kommune, Buskerud fylke

Presteseter naturreservat (utviding) i Hof og Sande kommunar, Vestfold fylke

Brånakollane naturreservat (utviding) i Larvik kommune, Vestfold fylke

Fjærevardåsen naturreservat i Larvik kommune, Vestfold fylke

Vestfjella naturreservat (utviding) i Halden kommune, Østfold fylke

Svantjern naturreservat i Halden kommune, Østfold fylke

Styggdalen naturreservat i Nannestad og Lunner kommuner, Akershus og Oppland fylker

Skotjernfjellet og Snellingsrøysene naturreservat (utviding) i Nannestad og Lunner kommuner, Oppland og Akershus fylker

Rud naturreservat i Enebakk kommune, Akershus fylke

Ertsrudberget naturreservat i Nes og Sør-Odal kommuner, Hedmark og Akershus fylker

Skandøla naturreservat i Hurdal kommune, Akershus fylke

Svendstuøyene naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylke

Juvberget naturreservat (utviding) i Åsnes kommune, Hedmark fylke

Skavdalen naturreservat i Inderøy kommune, Nord-Trøndelag fylke

Kammen og Kalddalen naturreservat i Leksvik og Inderøy kommunar, Nord-Trøndelag fylke

Altskardet naturreservat i Namdalseid kommune, Nord-Trøndelag fylke

Ferjlia naturreservat i Verran kommune, Nord-Trøndelag fylke

Olsengelva naturreservat i Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylke

Storengvatna naturreservat i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag fylke

Kolåsen naturreservat i Snåsa kommune, Nord-Trøndelag fylke

Folldalen naturreservat i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag fylke

Lødding naturreservat (utviding) i Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylke

Mjøsund naturreservat (utviding)i Nærøy kommune, Nord-Trøndelag fylke

Råbesdalen naturreservat (utviding) i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag fylke

Almdalen-Ekorndalen naturreservat (utviding) i Namsos og Overhalla kommuner, Nord-Trøndelag fylke

Høvringslia naturreservat i Sel kommune, Oppland fylke

Solbrålia og Stordalsberget naturreservat (utviding) i Nord-Fron kommune, Oppland fylke

Bjønnhaugen naturreservat i Gjøvik og Nordre Land kommunar, Oppland fylke

Kalvberget naturreservat i Østre Toten kommune, Oppland fylke

Breie naturreservat i Etnedal og Nord-Aurdal kommunar, Oppland fylke

Dokka naturreservat (utviding) i Nordre Land kommune, Oppland fylke

Budeiberget naturreservat i Nordre Land kommune, Oppland fylke

Jøvika og Tønnerud naturreservat i Gran kommune, Oppland fylke