Årsaka til at NSB no heller vil prøve dei gamle raude motorvognene mellom Trondheim og Bodø, er at Agendatoga ikkje har nok plass til bagasje. Også komforten er for dårlig, seier regiondirektør i NSB, Arne Vidar Hesjedal:
- Det har med komfort å gjere når dei tek hensyn til mellom anna bagasje som vi har liten kapasitet til på dei nye toga. Vi ser at dette kan vi enkelt løyse med dei andre motorvognene, eksakt kor mykje bagasje folk har med seg på lange reiser er det litt vanskeleg å forutsjå.
Dieselen fraus
Det var i 1997 NSB kjøpte dei første Agendatoga. I 2000 blei endå ein handel gjort, og NSB har no 15 togsett til ein pris på 450 millionar kroner.
I juni i fjor fekk seks mekanikarar tilbake jobbane sine, ved den tidlegare NSB-verkstaden på Marienborg i Trondheim.
Mekanikarane måtte tilbake fordi Agendatoga hadde så mange feil.
I januar i fjor høyrde endeleg NSB på passasjerane, og lova å byggje om toga slik at komforten skulle bli betre. I januar i år stoppa eit tog mellom Trondheim og Bodø like sør for Saltfjellet og passasjerane måtte vente i to timar med 30 minusgrader ute. Årsaka var at dieselen fraus slik at motoren stoppa.
Har ikkje feilinvestert
No vil altså NSB tilbake med dei gamle toga, der nye sete vil bli utprøvd. Regiondirektør Arne Vidar Hesjedal avviser at NSB har feilinvestert. Han seier utskiftningane ville blitt gjort uavhengig av feilane:
- Eg trur kanskje vi ville gjort dette uansett. Det er snakk om komfort og det har ikkje noko med tekniske barnesjukdomar på tog å gjere, seier Hesjedal.