NRK Meny
Normal

Åge klar for landevegen

Åge Aleksandersen startar turneen sin i Flekkefjord 5. juni og avsluttar i midten av oktober.

Åge Aleksandersen på Sommerfestivalen i Selbu 2007.
Foto: Hans H. Bjørstad

Fleire av plassane Åge Aleksandersen skal spele på i år, er gamle gjengangarar.

Mannen som akkurat har fylt 60 år går ein travel sommar og haust i møte. Han blir i år, som mange år tidlegare å høyre mellom anna på Sommerfestivalen i Selbu, Frostafestivalen, på Tahiti Brygga i Kristiansund og i Folkeparken i Verdal.

Fleire konsertar i Trondheim

60-års jubilanten heldt også fleire konsertar i Trondheim i løpet av sommaren og hausten.

- 15. august blir det konsert i Trondheim. Vi veit at det kjem gjester som skal opptre saman med Åge og Sambandet og vi veit at dette kjem til å bli stort, står det på heimesida til Åge Aleksandersen.

3. oktober spelar Åge og Sambandet som vanleg i Husebyhallen i Trondheim.

Ikkje fullstending

Turnelista er ikkje heilt klar enno, men mange spelejobbar er på plass. Fleire datoar er booka, men ikkje alle kan offentleggjerast enno.

Det som er sikkert er at Åge og Sambandet startar turneen sin i Flekkefjord 5. juni og avsluttar i midten av oktober.

Åge Aleksandesen skal også turnere med Mikael Wiehe. Duoen skal mellom anna opptre på Stiklestad i juli.

Les også: Mikael og Åge til Stiklestad

Turneliste for Åge Aleksandersen 2009

Dato

Plass

Kvar

5.juni

Flekkefjord

Flekkefjord sentrum

6.juni

Kodal

Vonheim

13.juni

 

Dato booka, men ikkje offentleggjort

20.juni

Selbu

Sommerfestivalen

25.juni

Kristiansund

Tahiti Brygga

27.juni

Savalen

Sommerfestivalen

3.juli

Langesund

Wrightegården

4.juli

Skagen, DK

Skagenfestivalen

9.juli

Frosta

Frostafestivalen

10.juli

Stavern

Stavernfestivalen

11.juli

Knarrlagsund

Sjøhuset Knarren

25.juli

Vinstra

Folkefestivalen

29.juli

Valsøybotn

Fossen

1.august

Engerdal

Engerdalsdagene

7.august

 

Dato booka, men ikkje offentleggjort

8.august

Bodø

Bodø Spektrum med KORK

14.august

Namsos

Namsoshallen

15.august

Trondheim

 

21.august

Skien

Herkules Kjøpesenter, Parken

22.august

Verdal

Folkeparken

4.september

Oppdal

Quality Hotel Oppdal

11.september

Oslo

Rockefeller

12.september

 

Dato booka, men ikkje offentleggjort

18.september

 

Dato booka, men ikkje offentleggjort

19.september

Mosjøen

Mosjøhallen

25.september

Haugesund

Byscenen

26.september

Bergen

Peer Gynt Salen, Grieghallen

2.oktober

 

Dato booka, men ikkje offentleggjort

3.oktober

Kolstad

Husebyhallen

16.oktober

 

Dato booka, men ikkje offentleggjort

Video fra Trøndelag

Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal