Hopp til innhold

Ada Arnstad frontar Senterungdommen

– No er det berre å brette opp ermene. Vi skal jo styre landet om eitt år, seier den målbeviste 24-åringen frå Skatval i Nord-Trøndelag.

Ada Arnstad med Nord-Trøndelag Senterungdom bak

Ada Johanna Arnstad vart vald til ny leiar i Senterungdommen på landsmøtet i helga. Her med utsendingane frå fylkeslaget i Nord-Trøndelag bak seg.

Foto: Senterungdommmen

Ada Arnstad vart laurdag kveld vald til ny leiar i Senterungdommen på landsmøtet i Stavanger. Etter endt landsmøte søndag ettermiddag, sette ho seg i bilen for å delta på landsstyremøte i Sandnes.

– No har vi inga tid å miste, vi må berre starta arbeidet no med ein gong, seier ho og forklarer at første milepelen no er landsmøtet til moderpartiet i mars.

– Der kjem Senterungdommen til å stå på for den politikken vi har vedtatt i helga, for å få mest mogleg gjennomslag for vår politikk i partiet sitt program.

Og apropos det å styre landet; om Senterpartiet skulle koma i posisjon til det etter valet neste år, så er også Senterungdommen med, indirekte, poengterer den nye leiaren i Senterungdommen.

– Moderpartiet treng Senterungdommen

– Moderpartiet treng Senterungdommen og Senterungdommen treng moderpartiet. Så gjennomslag for dei er gjennomslag for oss, seier Ada Arnstad, som har mykje å slekta på når det gjeld politikk.

Tante Marit er parlamentarisk leiar i nettopp Senterpartiet og tvillingsøster Eli, som er mor til Ada, sat i si tid også på Stortinget, som fast vararepresentant for Senterpartiet.

Ada Arnstad har vore lakallagsleiar i Stjørdal, internasjonal leiar og dei to siste åra politisk nestleiar i Senterungdommen.

Ada Johanna Arnstad

- Vi skal kjempe for å få gjennomslag for vår politikk, seier 24 år gamle Ada Arnstad.

Foto: Senterungdommen

Som leiar for dei 2000 medlemene i Senterungdommen blir det no heilttidsjobb på Skatvalsjenta, som dermed tar ein pause frå internasjonale studiar ved Universitet i Oslo.

– Og så er eg vald berre for eitt år om gongen. Så eg får sjå korleis det går - om eg gjer ein god nok jobb for medlemane...

Same verdigrunnlaget

– Du seier de arbeider for å få gjennomslag for Senterungdomen sin politikk. Korleis skil politikken dykkar seg frå politikken til moderpartiet?

– Vi har jo mykje av det same verdigrunnlaget. Men vi har våre eigne diskusjonar og er ein sjølvgåande organisasjon. Og så har vi ein viktig jobb med å løfte spørsmåla som gjeld ungdom, seier påtroppande leiar i Senterungdommen med etternamn Arnstad.

– Blant anna så tok vi no i helga opp framtida for velferdsstaten. Der ser vi at Regjeringa brukar opp sparepengane våre når dei brukar av oljefondet, og det bekymrar oss. Det er pengar som er meint til framtidige generasjonar, slik at vi kan ha ein god velferdsstat også i framtida.

– Velferdsstat også i framtida

– Kva vil de gjere med det?

– Vi ser på muligheita for å redusere ein del velferdsordningar. Ikkje fordi at vi vil fjerne velferdsstaten, på ingen måte. Men vi må ha det klart for oss kva som er kjerneoppgåva for velferdsstaten.

Senterungdommen vil difor kutte littegrann i sjukelønnsordninga og innføre ein karensdag, men med unntak for kronisk sjuke.

– Vi ser at dei resursane vi bruker på dette i dag ikkje nødvendigvis treff kjerneoppgåvene for velferdsstaten. Vi vil bruke meir resursar på å løfte dei svakaste, for å motverke sosiale og geografiske skilnader, avsluttar Ada Arnstad.