NRK Meny
Normal

Gynekologar spente på abort-dom

Dommen i rettssaka kor ein 25 år gamal mann er tiltalt for å ha framprovosert abort hos ei kvinne, fell truleg tirsdag. Saka vekker oppsikt i dei medisinske miljøa.

Rettssal 310 i Sør- Trøndelag tingrett

Saka gjekk i Sør-Trøndelag Tingrett førre veke.

Foto: Tone Iversen / NRK

Mannen har erkjent at han kjøpte abortframkallande middel på internett, og putta desse i ein smoothie som han lura kvinna til å drikke. Ho aborterte etterpå, og oppsøkte lege. Dette skjedde i Sør-Trøndelag for om lag eitt år sidan.

Mette Løkeland i Norsk gynekologisk forening

Mette Løkeland, gynekolog og forskar.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Det er ei veldig spesiell sak, seier Mette Løkeland, som er gynekolog og forskar på abort ved Universitetet i Bergen.

Ville ikkje ha abort

Liknande ting har skjedd før, mellom anna i ei mykje omtalt sak i Cairns, Australia, kor ei kvinne var tiltalt for å ha skaffa seg abortmiddel sjølv.

– Samstundes kan ein ikkje samanlikne desse to sakene, fordi den australske saka handlar om ei kvinne som ønska abort, men ikkje hadde tilgang på det. Ho skaffa seg abortmidla på ulovleg vis, men ønska seg aborten, seier Løkeland.

I den norske saka ville kvinna tvert imot behalde barnet, mens det var mannen som lura i henne abortmiddelet.

– Integriteten, kvinnas sjølvråderett over eigen kropp, er dermed broten, seier Løkeland.

Mannen er tiltalt etter paragraf 245 og 231 i Straffelova, for å ha skadd kvinna og for å ha avbrote eit svangerskap under særleg skjerpande omstende og utan kvinnas samtykke. Saka er så spesiell at det ikkje finst rettspraksis på området.

– Berre kvinna kan bestemme over sin eigen kropp

– Denne saka handlar om minst to lovbrot. Berre kvinna har rett til å begjære abort, men her har mannentatt seg til rette og bestemt over kroppen til kvinna. I tillegg har han gjort noko som berre legar kan utføre, han har sett i gang ein abort, seier Mette Løkeland.

– Sjølv om mannen er fortvila, har han har ingen rett til å provosere fram ein abort mot hennar vilje. Prinsippet om at kvinna er den einaste som bestemme over sin eigen kropp, er svært viktig, seier ho.

Fleire, deriblant den kristne avisa Dagen, meiner at også rettane til det ufødte barnet er interessant i denne saka. Det er eit villspor, meiner Mette Løkeland.

– Det er rettane til kvinna som er interessante her, seier ho, og er spent på kva dommen i saka blir.

Video fra Trøndelag

Slik gikk det med Mette Vollan i uværet.
Skiheisen i Vintervannskleiva åpen igjen.
På gata i Trondheim krysser folk fingrene for at Petter Northug kommer seg til OL i Sør-Korea.