Anette (30) sleit med å amme dottera si – følte seg mislukka

Anette Prydz Sjursen trudde ikkje at amming skulle bli eit problem, men det vart så vondt at tårene rann.

Anette Prydz Sjursen og May Elin (4 mnd)

AMMING: Anette Prydz Sjursen (30) hadde ingen kunnskap om amming før ho fekk sitt første barn, May Elin (4 mnd).

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

– Eg har vore veldig fortvila. Det er ein vond følelse når ein ikkje får gitt barnet sitt den næringa det treng. Eg har følt meg aleine med desse kjenslene, seier Anette Prydz Sjursen.

28. mars i år fekk ho si førstefødde dotter, May Elin ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Det skjedde ved hjelp av akutt keisarsnitt.

Anette trudde at amminga skulle gå problemfritt. Som førstegongsfødande med null kunnskap om amming, vart læringskurva bratt.

Fekk beskjed om å sjå ammefilm med geiter

– Eg visste eigentleg ingenting om amming før eg fekk barn. Eg var så fokusert på fødselen, så eg tenkte ikkje på å lese meg opp på amming på førehand, seier ho.

Denne veka er det «World Breastfeeding Week». Ein global kampanje som skal auke bevisstheita rundt amming.

Anette såg føre seg at ho kom til å lære om amming på sjukehuset, men ho fekk ikkje den rettleiinga ho trengde.

– Eg fekk beskjed om å sjå ein film. Den viste nokre geiter som amma. Eg følte ikkje at eg fekk noko ut av det.

Anette følte seg aleine da hun ikke fikk til amminga etter at dattera var født.

FORTVILANDE SITUASJON: Anette følte seg aleine då ho ikkje fekk til amminga.

Følte seg mislukka

Berre eit par dagar etter at Anette starta å amme, hadde ho opne sår. Kvar gong ho amma gjorde det så vondt at tårene rann.

– Eg var mykje stressa og veldig frustrert. Babyen min gjekk ned i vekt.

30-åringen fekk følelsen av å vere mislukka. Ho fekk beskjed frå helsestasjonen om at ho kanskje måtte gje morsmjølkerstatning til barnet.

– Startproblem kan vere at barnet har trøbbel med å få eit godt sugetak, og det kan føre til at mor får sår og smerter. Då utset ein kanskje kvar amming, og då får ein mindre stimulering av mjølkeproduksjonen, forklarar Ina Landau Aasen.

Ho er jordmor og leiar ved Nasjonal kompetanseteneste for amming på Oslo Universitetssykehus.

Ina Landau Aasen

HUDKONTAKT: – Ein må ha tid og ro. Mykje hudkontakt er alltid gunstig, seier Ina Landau Aasen, jordmor og leiar ved Nasjonal kompetanseteneste for amming på Oslo Universitetssykehus.

Foto: Privat

– Det er litt teknisk i starten. Eit nyfødd barn vil gjerne vere til brystet heile tida, og det er ikkje alle førebudde på. Ein må ha tid og ro. Mykje hudkontakt er alltid gunstig, seier ho.

Etter keisarsnittet tok det halvannan time før barnet til Anette vart lagt til brystet hennar. Det kan ha vore ein av grunnane til at amminga blei eit problem, ifølge Aasen.

– Mange opplever at amming er trøblete i starten. Men vi høyrer jo sjeldan om dei det går bra for, understrekar Aasen.

Frivillige ammehjelparar blei redninga

Google vart eit godt hjelpemiddel for Anette i starten. Der oppdaga ho «Ammehjelpen».

Anette er fødd med kort tungeband, og veit at det kan vere arveleg. Dottera fekk derfor klipt tungebandet.

– Stramt tungeband gjer det vanskeleg å bevege tunga for barnet når det blir amma. Ikkje alle treng å klippe, men her treng ein ei grundig undersøking frå helsepersonell, forklarar Katherine Bjugan.

Ho er leiar for «Ammehjelpen» i Trondheim. Ho fortel kva dei frivillige i organisasjonen gjer når dei blir kontakta av mødrer som slit med amming:

– Vi spør korleis mor har det, og kva ho har prøvd. Vi kan tipse om å forandre stillinga og avlive mytar.

Etter seks veker med mykje tårer og frustrasjon, fekk Anette endeleg til amminga.

– «Ammehjelpen» har betydd alt for meg. Eg sende ein e-post der eg skreiv: «Hjelp! Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Eg veit ikkje kva eg gjer feil.»

– Dei sa det var heilt normalt å slite med amming, og kom med gode forslag til kva eg kunne gjere, legg ho til.

Bjugan i «Ammehjelpen» er glad for å høyre at hjelpa deira har fungert.

– Det er veldig flott for oss å få positive tilbakemeldingar. Eg er stolt av alle ammehjelparane. Dei ofrar fritid for å hjelpe andre, seier ho.

Anette Prydz Sjursen og May Elin (4 mnd)

MOR OG BARN: May Elin har no blitt 4 månader, og mor Anette har ikkje lenger problem med amminga.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

– Amming er eit samfunnsansvar

Anette meiner ein burde sette søkelys på utfordringar knytt til amming.

– Vi treng betre rettleiing og meir kunnskap om amming. Eg trur veldig mange sluttar å amme, fordi dei ikkje finn den hjelpa dei treng. Ein blir veldig overlate til seg sjølv.

Aasen er einig med henne.

– Amming er eit samfunnsansvar. Det er ein viktig del av omsorgen, men det er ikkje sett av nok tid og ressursar til det, meiner ho.

Bjugan meiner det er viktig å sette fokus på temaet gjennom kampanjar som «World Breastfeeding Week».

– Det er ikkje berre for å hylle amminga, men også for å spreie kunnskap om kor viktig det er for mor og barn at riktig kunnskap blir gitt, fastslår ho.

NRK har vore i kontakt med St. Olavs hospital, men dei har ikkje hatt høve til å svare.