Hopp til innhold

«Påskelabyrint»-deltakar: Folk prøvde å jage meg ut av telefonkiosken

I 1987 måtte Johan Steiro delta frå ein telefonkiosk ved grensa til Sverige. 30 år seinare førebur programleiar Viggo Valle nye oppgåver til årets sendingar.

Tare Johan Steiro

I år er det 30 år sidan første sending av «Påskelabyrinten», og då deltok Tare Johan Steiro (63).

Foto: Privat

– No skal du få bli med inn i hola mi, seier Viggo med eit lurt smil.

Han opnar porten til garasjen, og låser seg inn på kontoret kor han klekker ut dei fleste av oppgåvene. Rommet er rotete, og fylt til randen av oppslagsverk. Viggo meiner det er eit kreativt rot.

Hør Påskelabyrinten her:
Prøv Påskelabyrint quiz

Takkar hjernen for ideane

– Eg er stolt over mi nesten komplette samling av «Hvem, hva hvor?». Det er eit godt oppslagsverk når eg skal lage oppgåvene, forklarar Viggo.

Viggo Valle

Viggo Valle seier at korrekte fakta når ein skal lage ein spørjekonkurranse som «Påskelabyrinten».

Foto: Helene Solheim / NRK

Han seier at korrekte fakta når ein skal lage ein spørjekonkurranse som «Påskelabyrinten». I løpet av åra har det blitt over 2000 oppgåver, og då er inspirasjon også viktig.

– Det kan hjelpe å gå på kino eller opera for eksempel. Eg blir og inspirert av unga, og har plukka opp ein del ting frå barnebarna mine, seier Viggo.

Viggo Valle

Det er cirka ein million menneske som lyttar til «Påskelabyrinten» kvart år, og Viggo trur det er på grunn av nordmenn sin kjærleik for kviss.

Foto: Karoline Paulsen Årrestad / NRK

Ideane kan dukke opp kor som helst, anten han pussar tenna eller våknar på morgonen. Dette takkar han hjernen sin for. No gler han seg til årets labyrint.

– Oppgåvene til i år er klare, men det er ein stor og godt bevart hemmelegheit.

Ingen trudde han var på radioen

I år er det 30 år sidan første sending av «Påskelabyrinten», og då deltok Tare Johan Steiro (63). Han kom seg vidare til finalen, men måtte ta til takke med ein 2. plass.

– Eg vil ikkje seie eg er god, men eg har litt peiling. Det siste spørsmålet stod mellom Svalbard og Grønland, men då svarte eg feil, fortel Steiro.

Tare Johan Steiro

Steiro reiser mykje på tur når det er ferie, og påska i 1987 var han på Umbukta, like ved grensa til Sverige.

Foto: Privat

Han var på skitur med nokre kompisar på Umbukta, like ved grensa til Sverige. Der var det berre ein telefonkiosk tilgjengeleg, og her var ikkje ranværingen aleine. Det var fleire campingvogn-turistar i området, og alle ville bruke telefonkiosken.

– Eg prøve å forklare at eg var direkte på radioen, men ingen trudde på meg. «Kom deg ut», så dei til meg.

Steiro ler når han fortel historia. Medan han sto der måtte han ha døra open på grunn av varmen, noko som gjorde at han fekk snø rasande over seg frå taket på telefonkiosken. Dette hugsar Viggo godt.

– Han braut ut om snøraset på direkten, det var ganske morosamt, seier programleiaren.

Kunnskapsrike nordmenn

Viggo skjønnar ikkje heilt at programmet har haldt fram i tretti år.

– Programmet byrja som ein hobby. Det er eigentleg heilt utruleg at eit radioprogram frå 80-talet har overlevd så lenge.

Hvem, hva, hvor?

Viggo er stolt over si nesten komplette samling av «Hvem, hva hvor?».

Foto: Karoline Paulsen Årrestad / NRK

Det er cirka ein million menneske som lyttar til «Påskelabyrinten» kvart år, og Viggo trur det er på grunn av nordmenn sin kjærleik for kviss.

– Folk elska å bli sett på prøve. Munnleg eksamen er eit fenomen, og nordmenn har eit høgt kunnskapsnivå. Også er det jo ei god sendetid, seier Viggo med eit smil.