Hopp til innhold

Bendik (23) blir hylla og hetsa etter slakt av strenge smittevernreglar

Enkelte meiner «Laksekongen» er heilt på jordet. Andre hyller den unge mannen for å sette eit kritisk søkelys på strengare smittevernreglar i Trondheim.

INTERNETTFENOMEN: Bendik Rognes frå Trondheim gjekk viralt etter ein fuktig kveld på Solsiden. No vil han mjølke kjendisstatusen for det den er verdt.

INTERNETTFENOMEN: Bendik Rognes frå Trondheim gjekk viralt etter ein fuktig kveld på Solsiden. No vil han mjølke kjendisstatusen for det den er verdt.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

– Vi tok helga med storm.

Slik beskriv 23 år gamle Bendik Rognes stemninga i gjengen då ein fotograf frå Adresseavisen den første fredagen etter 17. mai fatta interesse for dei, og bad om eit bilete.

Sjølv om smitten blomstra i Trondheim, trekte fleire av byens innbyggjarar ut for å nyte sola i festlege lag.

– Vi køyrde på. Gutane var gira, seier Rognes om intervjuet, der han mellom anna sa:

– Det er hårreisende med skjenkestopp. Folk må bare ta smittereglene seriøst. Det må være mulig å gå ut og kose seg med gutta boys. Det må være opp til hver enkelt.

Bendik Rognes til Adressavisen

👉 høyr meir i podkasten Pålogga: Bendik ble ringt av engelsk agent etter fyllesitatet som gikk viralt. Var det planlagt?

Blir kalla «Laksekongen»

I et anna sitat med Adresseavisen, sa Rognes at dei la igjen mykje «laks» på restaurantane. Med det, meinte han at dei la igjen mykje pengar til utelivsbransjen om dei var ute på byen.

I ettertid har han fått tilnamnet «Laksekonge» i sosiale medium. Han vart rett og slett et internettfenomen.

Då han vakna hadde det tikka inn over tusen meldingar på telefonen.

– I fylla kjem sanninga fram, seier ein smilande Rognes i dag.

Han synest det er både artig og rart korleis folk reagerte på intervjuet, men understrekar at han står for det han har sagt.

– Og det er hundre prosent meg. Eg kunne ikkje sagt noko eg ikkje står for, seier han.

– Forboda blir ikkje følgt

Sidan oppslaget i Adresseavisen har Trondheim kommune innført landets strengaste smittevernreglar. Bendik Rognes oppfordrar folk til å følgje dei.

– Men realiteten er at det ikkje skjer, seier han.

Rognes meiner kommunen bør opne for skjenking igjen. I hans auge er det tryggare å feste på ein bar eller ein restaurant med restriksjonar, enn å feste i parkane.

– Forboda blir ikkje følgt, folk er lei, seier Rognes.

Kommunedirektør: – Heilt suverent

– Rognes representerer ei gruppe unge folk som du kanskje ikkje høyrer så mykje frå. Derfor synest eg det er bra at han kjem til orde, og seier kva han og hans omgangskrets meiner om dette. Det er heilt suverent, seier Morten Wolden.

Kommunedirektøren i Trondheim merkar seg at folk er lei av koronarestriksjonane i byen. Han understrekar at mange likevel følgjer reglane.

– Men det er klart at når 250 samlar seg ved Festningen og 200 ved Skansenparken i helga, så er det eit uttrykk for noko. Det må vi ha med oss når vi vurderer kva forskrifter, tiltak og anbefalingar vi skal ha, seier han.

Wolden trur ikkje færre ville ha festa i parkane dersom kranene var opne i helga som var.

– Det var endå fleire som festa i parkane i Oslo og Bergen i helga. Der var det ikkje skjenkestans. Eg trur ikkje det har ein heilt automatisk samanheng, seier han.

Bendik Rognes, laksekongen, trondheim

LIKER MERKSEMD OG PENGAR: Bendik Rognes likar merksemda han har fått etter intervjuet med Adressavisen i slutten av mai. Han håper å tjene pengar som kjendis, men vil ikkje kalle seg sjølv det.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

Har skaffa seg agentar

Ordførar Rita Ottervik har også svart på kritikk frå Rognes, om at politikarane i byen ikkje klarer å sjå restriksjonane frå ungdommane sitt perspektiv.

– Rita Ottervik har vore ung og på fest på Møllenberg, svarte ordføraren i Nidaros.

Debatten med kommunetoppane har gjeve meirsmak for den festglade mannen.

– «Ordførar Rognes», det kling ganske godt, seier han og ler.

Men før han eventuelt utfordrar Ottervik på ordførarjobben, skal Rognes skvise meir «laks» og merksemd ut av statusen sin som internettfenomen.

– Viss eg kan gjere det, så gjer eg det, seier Rognes og peiker på realityprogrammet «Paradise Hotel», som eit mogleg neste steg.

Elles held han korta tett til brystet.

– Det som skjer framover blir mellom meg og mine to agentar/rådmenn. Men at det kjem meir frå meg, det skal de ikkje sjå bort ifrå, seier Rognes og ler.