Hopp til innhold

– Vi skal vere dei første til å søkje om reversering

Leka-ordføraren gir ikkje opp. Han lovar at øykommunen søkjer om snarleg reversering.

– Vi skal vere blant dei første som sender søknad til det nye Stortinget.

Per Helge Johansen, ordførar Leka

Ordførar Per Helge Johansen (Sp) har i månadsvis kjempa mot tvangssamanslåing.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen / NRK

Det seier Per Helge Johansen (Sp) om vedtaket om tvangssamanslåing med Vikna, Nærøy og Bindal i Stortinget i går. Og han legg til:

– Eg håpar vi får løfta nivået på det nye Stortinget med ei ny regjering, for dei som er der no er ikkje verdige til å ha ansvaret vidare.

Lite søvn

Leka-ordføraren har dei siste månadene stått på for å berge det vesle øysamfunnet som eigen kommune, etter at det vart kjent i februar at regjeringa og samarbeidspartia ville gå inn for samanslåing.

På den avgjerande dagen i Stortinget i går vart det ein lang og travel dag for Sp-ordføraren. Det knappe vedtaket kom i sjutida i går kveld, og natt til i dag har det blitt lite søvn.

– No kjem kjenslene. Det stikk, og no tenkjer ein over kva dette inneber for Leka-samfunnet, kva det inneber at vi ikkje lenger kan delta i utvikling på det nivået vi kunne før. Vi mister påvirkningsmuligheita, seier Per Helge Johansen.

Skuffa

– Eg er skuffa over stortingspolitikarane. Dei har ikkje sett seg godt nok inn i saka, etter mi meining, dei burde ha skjønt alvoret.

Vi møter ordføraren ved ferjeleiet, der det einaste sambandet til fastlandet går. På fastlandssida ligg også ein del av noverande Leka kommune.

Laila Taraldsen, Leka

Laila Taraldsen synest det er litt skummelt å tenkje på kva som kan skje i framtida.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen / NRK

På butikken treffer vi Laila Taraldsen.

– Det er nesten litt skummelt å tenkje på. Med tanke på dei få kommunale arbeidsplassane som er på Leka; kva skjer i framtida? Kva skjer med helsetilbodet, kva med legedekninga, blir det fråflytting? Det er så mange tankar som surrar, seier Taraldsen.

Set sin lit til valet

-– Mitt håp er at det blir eit skifte etter valet til hausten, og at det kan bli reversering, legg ho til.

Inge Nilsen er fødd og oppvaksen på Leka. Etter å ha budd i Verdal og Levanger ein del år, flytta han tilbake i 2000. Vi treffer han utanfor kommunehuset.

– Det er skremmande med dette vedtaket. Eg trur det vil føre til stor fråflytting, seier han.

– Nesten litt merkeleg

– Det er jo nesten merkeleg at det ikkje går an å få politikarane til å forstå kva som vil kome til å skje.

– Men kva med stortingsvalet til hausten? Mange her set si lit til det, og at det kan bli reversering.

– Ja, sjølvsagt gjer vi det. Men vi skal også hugse på at fleirtalet av Noregs befolkning bur i by, og dei forstår ikkje problemet vi har her – ikkje før det blir så mange som flyttar inn til byen at dei finn ut at det blir for trongt der, avsluttar Inge Nilsen på Leka.

Inge Nilsen, Leka

– Det er nærmast litt merkeleg kor vanskeleg det er å få politikarane til å forstå, synest Inge Nilsen.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen / NRK