– Underleg og tøff dag

Åfjord-ordførar Vibeke Stjern karakteriserer beskjeden om at Statkraft droppar planane om å bygge ut dei planlagde vindkraftparkane på Fosen og i Snillfjord, som ei kjelde til pustevanskar.

Vibeke stjern

Ordførar i Åfjord, Vibeke Stjern, er svært skuffa etter avgjersla om ikkje å bygge ut dei planlagde vindkraftparkane på Fosen og i Snillfjord.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

– Eg må heilt ned i kjellaren. Det gir meg nesten pustevanskar, seier ho til NRK.

Vindkraftprosjekta i Fosen og Snillfjord var berekna å koste cirka 11 milliardar kroner. Statkraft hadde i lag med samarbeidspartnarar planar om å investere til saman 20 milliardar kroner. I tillegg skulle Statkraft investere i nye leidningar for mellom 4–5 milliardar kroner.

Statnett vil på eit seinare tidspunkt kome tilbake til kva konsekvensar dagens avgjersle får.

– Me er vonbrotne, fordi arbeidet i kommunane og i næringslivet i regionen har pågått i åtte til ti år. Me har gjort oss klare til å ta del i ei utbygging som me har trudd skulle kome, seier ho.

Torsdag vart det kjent at Statkraft droppar planane om å bygge ut dei planlagde vindkraftparkane på Fosen og i Snillfjord i Trøndelag. Årsaka er at dagens priser på kraft- og elsertifikat ikkje gjer prosjektet lønnsamt.

Se daværende olje-og energiminister Ola Borten Moe og glad Åfjord-ordfører på signingsferd for vindkraftplanene i 2013.

Realistiske

Men ho er samstundes klar på at dei har visst om utfordringane.

– Men samstundes er eg veldig glad for at me har sett realismen i at det å legge 15–20 milliardar kroner på bordet krev sitt. Og når me får denne meldinga torsdagsmorgon, så må me berre forhalde oss til det.

Ho seier at Åfjord kommune skal vekse framover uansett.

– Me skal ha det slik som me har det i dag og me skal vekse. Den draumen skal alle menneske ha og det klarar me i Åfjord, men i dag er det tøft. Ein underleg, underleg dag, held ho fram.

Video fra Trøndelag

Black Friday var god gjødsel for kjøpelysten. Hyllene på post i butikk er fylt til randen. Dessuten kommer julegavene snart for fullt. Folk må hente - nå, er ropet fra butikkene.
Marihøna barnehage har trolig arrangert jul på låven for siste gang. Kampflystøy og konflikt om erstatning preger Ørland i adventstida.
Julestemning for store og små.