NRK Meny
Normal

– Trur han hadde snakka med oss dersom han hadde det vondt

Kompisane til den sakna Rakavan Jeevaharan finn inga logisk forklaring på forsvinninga. Det har no gått ti dagar sidan 21-åringen blei sporlaust borte etter ein fadder-kickoff i Trondheim.

Erik Vatsvåg og Eilert Bjander

Erik Vatsvåg og Eilert Bjander har kjent den sakna Rakavan sidan barneskulen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Savnet student i Trondheim

Mange frivillige leiter også etter den sakna Rakavan Jeevaharan i Trondheim.

Foto: Privat

– Alle har dagar kor ein kjenner seg dårlegare enn andre, men Rakavan er ein generelt blid type. Han er godt likt av mange, og eg sliter veldig med å sjå føre meg at han har forsvunne med vilje, seier Eilert Bjander.

Både Eilert og Erik Vatsvåg har kjend Rakavan sidan barneskulen, då dei alle er i frå Stavanger. Den 21 år gamle BI-studenten har no vore sakna i over ei veke.

– Eg trur Rakavan ville søkt hjelp dersom han hadde hatt det vondt. Anten hadde han snakka med meg, eller så hadde han oppsøkt nokon andre. Det er mange som er glad i han, og eg kjenner ingen som har eit vondt ord å seie om han, seier Erik.

– Ei ubehagelig sak

Politiet har henta inn opptak frå alle kamera som kan seie noko om rørsle i gatene og på fortau. Utfordringa er at fleire kamera er retta mot private bygg, mange er festa høgt oppe - og det er mørkt ute på tidspunktet Rakavan forsvann.

– Det er ei ubehageleg sak. Den påverka familien, vennane og studentmiljøet. Det er ein 21 år gammal gut vi ikkje veit kvar er, og det er frustrerande å ikkje ha noko meir konkret å jobbe med enn det vi har, seier etterforskingsleiar Arve Vagnild.

Politiet har framleis ein del opptak frå rundt St. Olavs Hospital å sjå gjennom, og vegen vidare blir å jobbe med å utvide den taktiske retninga ved å bruke hypoteser for å prøve å finne svar på kva som kan ha skjedd.

– Ein kjem til slutt til eit punkt kor det ikkje vil vere fleire potensielle retningar å gå i, men eg håpar vi slepp å komme dit, seier Vagnild.

Oppfordra alle til å hjelpe

Rita Ottervik

Ordførar Rita Ottervik oppfordra folk til å bidra med det dei kan i leitinga etter Rakavan.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Trondheim sin ordførar har også engasjert seg i forsvinningssaka, og posta eit innlegg på Facebook kor ho oppfordra til å bidra i leitinga:

Rita Ottervik fortel at Trondheim i utgongspunktet er trygg samanlikna med andre byar, men no har det skjedd noko som rysta alle bebuarane:

– Det har skjedd noko veldig spesielt som rører ved både familie, studentmiljø og oss andre som bur her. Derfor er det viktig for oss alle å få klarheit i kva som har skjedd, seier Ottervik.

Rita Ottervik på Facebook om Rakavan
Foto: Skjermdump frå Facebook

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon