– Tragisk at barn ikkje får H-mjølk

– Mjølkefettet er sunt, seier professor og overlege Dag Bratlid. Tine vurderer å ta heilmjølka tilbake i skulen, dersom mange ønskjer det.

Melk

MANGE TYPAR: Mjølka kjem med mange fettprosentar, men professorane er ueinige om kva som er sunnast.

Foto: Colourbox

Dag Bratlid, professor St. Olavs Hospital

FOR FETT: Professor og overlege Dag Bratlid meiner mjølkefettet er sunt.

Foto: Erland Knutsen / NRK
Glass med melk

OMSTRIDD: Forskinga om mjølkefettet sprikar, og Tine vil vurdere å ta H-mjølka tilbake i skulen dersom mange ønskjer det.

Foto: Colourbox
Haakon Meyer

MJØLKEGLAD: Leiaren i Nasjonalt råd for ernæring, Haakon Meyer, vil ha lettmjølk på norske matbord.

Foto: Anne Lene Solbakken / Folkehelseinstituttet

Når godt over 600.000 skulebarn set seg framfor pulten på mandag, er skulemjølka ein viktig del av lunsjen til mange av dei. Lett eller ekstra lett, sjokolade- eller bringebærsmak, laktoseredusert eller økologisk – valmoglegheitene frå Tine er mange, men heilmjølk er ikkje ein av dei.

– Det er veldig trist. Mjølkefett er faktisk bra, og ein rekke studiar viser at barn som drikk H-mjølk har det betre. Dei legg mindre på seg, og et mindre usunne ting. Det er fordi denne mjølka er meir mettande, seier professor Dag Bratlid ved NTNU i Trondheim. Han er overlege ved Barne- og ungdomsklinikken på St. Olavs Hospital.

Fjernar meir enn berre fett

H-mjølka frå Tine inneheld 3,5 prosent fett, medan lettmjølka har 1,2 prosent fett. Den ekstra lette mjølka har berre 0,7 prosent fett. Mesteparten av fettet er av den metta typen. Bratlid meiner ein går glipp av meir enn berre energi, når fettet fjernast.

– Ein god del studiar viser at fettet i mjølka har gode eigenskapar for immunapparatet. Når ein fjernar fettet forsvinn også vitaminar og andre viktige stoff som har positiv innverknad på helsa, seier Bratlid.

Han seier at han har spelt inn sine synspunkt til helsemyndigheitene, utan å få nokon respons. Det synest han er rart.

– Det er for mykje fokus på å ete mindre fett. Ein må erstatte fettet med noko, og det blir gjerne sukker og andre usunne ting. Fett inneheld næring som barn har god nytte av, og om dei to mjølkeglasa om dagen er heilmjølk i staden for supertynn mjølk, så er det berre positivt.

– Ikkje gift

Leiaren i Nasjonalt råd for ernæring er ueinig. Haakon Meyer, som er professor i førebyggande medisin, meiner at å unngå mjølkefett som barn kan skape eit godt grunnlag for god helse.

– Det er viktig å unngå for mykje metta fett, for å førebygge sjukdommar. Sjukdomssprosessar kan starte tidleg, og vi må skape gode vanar. Vi tilrår dei lette meieriprodukta heile livet, for å unngå hjartesjukdom, seier Meyer.

Han meiner mjølkedrikking betyr mykje for barn, og at ein stort sett får like mange av dei gode næringsstoffa gjennom dei lette variantane. Samtidig ser han at det er stor usemje om effekten av mjølkefett.

– Det er velkjent at litteraturen er sprikande på dette feltet. Vi konkluderer på bakgrunn av den samla kunnskapen, men det er ein komplisert vitskapleg diskusjon, seier Meyer.

Han poengterer at det på ingen måte at det er forferdeleg å gi ein boks H-mjølk til ein skuleunge, men ønskjer at råda han kjem med skal følgjast av skulane. Han seier at det totale kosthaldet betyr mest.

– H-mjølka er ikkje gift. Den er næringsrik, og på mange måtar klart betre enn til dømes brus. Basert på kunnskapen vår tilrår vi likevel lettare mjølk, og det er jo ikkje noko fælt alternativ, seier Meyer.

Kan få H-mjølka tilbake

TINE fjerna heilmjølka frå skulemjølkordninga i 2007, både på grunn av råda frå helsemyndigheitene, og fordi det då var liten interesse for å kjøpe denne varianten. Dei har likevel registrert at mange har endra meining om mjølkefettet, og vil vurdere å få den raude kartongen tilbake på skulepultane.

– Vi er lydhøre, og viss foreldre og skular er interesserte i å ha H-mjølk så vil vi vurdere det. Men vi er avhengige av eit visst volum, så det er vanskeleg å tilfredsstille alle enkeltpersonar, seier Anne Sofie Biong, som er leiar for ernæring i Tine.

Ho seier at få reagerte då heilmjølka forsvann frå skulane, men at mykje har endra seg sidan då.

– Det er jo ulike oppfatningar og forskningsresultat, og mange meiner at barn bør ha litt fett også. Det kan godt vere at vi meiner det er gode nok argument for å ta den inn att, men vi vil nok ha ein dialog med myndigheitene, forklarer Biong.

– Ikkje ekstrem

Dag Bratlid håpar det går den vegen. Han synest styresmaktene manglar forståing for ny forsking og nye innspel i fettdebatten.

– Veldig få studier kan dokumentere at fettinntak i det heile kan medføre nokon helserisiko. Samtidig som helsedirektoratet gir slankeråd blir folk feitare og feitare, og mykje tyder på at dei erstattar fettet med karbohydrat. Det er lite heldig, seier Bratlid.

Han synest ikkje ein treng å gå heilt den andre vegen, til ekstreme lavkarbodiettar, men er ikkje i tvil om at det er verre å ete mykje karbohydrat enn mykje fett. Her er Haakon Meyer i ernæringsrådet ueinig, og meiner at hans råd er basert på etablert forsking.

– Vi har i mange år gitt råd om å gå bort frå heilmjølka, og dette er etablert. No har lavkarbotilhengarane kome på banen, så då må dei som står for det dokumentere sine påstandar langt betre, seier Meyer.

– Det er latterleg at barna kan kjøpe mjølk med sjokoladesmak, men ikkje heilmjølk. Myndigheitene har eit sært syn på dette, meiner Bratlid.