Hopp til innhold

– Steindeilig siger

Målscorar Robert Stene var særs nøgd med den første sigeren til Ranheim i førstedivisjon i år.

Slo Strømmen 2-0 på hjemmebane

– Det einaste som betydde noko i dag var tre poeng, seier Robert Stene. Han scora det eine målet til Ranheim. Det andre var det Mads Reginiussen som banka i mål.

Han er nøgd med innsatsen til heile laget.

– Me kriga bra. Det var uavgjort lenge, men me fekk kriga inn eit mål. Då me fekk inn 2-0 var kampen eigentleg avgjort.

Dårleg betalt

– Det har vore mykje stang ut. Det har vore mange gode prestasjonar, men me har fått dårleg betalt, seier trenar Trond Nordsteien.

Han seier sigeren var viktig.

– Det var viktig for oss å endeleg ha marginane med oss. Sigeren er viktig for heile gruppa, held han fram.

Og dette er berre byrjinga.

– Dette er starten på ein operasjon som skal gi oss fleire sigrar. Det kjem til å ta tid, men me skal bruke dei neste månadane godt.