– Overgriparar har verken horn eller geiteklover

Både politifolk og bistandsadvokatar reagerar på «monster»-utsegna om pedofile overgriparar frå justisministeren. Men Sylvi Listhaug seier ho vil halde fram med å bruke ordet.

Kriminalitetsutviklingen i 2017

«Enkelte er i diskusjonen dessverre opptatt å fremstille gjerningsmenn som ofre. I denne typen saker er det bare barna som er ofre. Derfor kommer jeg til å fortsette å bruke tydelig tale for å sette viktige tema på dagsorden», skriv justisminister Sylvi Listhaug. Her frå då kriminalitetsutviklinga i 2017 vart lagt fram.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Tor Langbach er ein av dei som reagerar. Han var direktør i Domstoladminstrasjonen frå 2007 til 2013. Før det var han domar i Trondheim tingrett.

Spesialrådgiver Tor Langbach.

Tidlegare direktør i Domstoladminstrasjonen, Tor Langbach.

Foto: Per Onsheim / NRK

– Overgriparar har verken horn eller geiteklover. Tvert i mot er dei ein far, ein hjelpsam arbeidskamerat, ein godsleg onkel eller ein hyggeleg nabo. Dei overgriparne eg har møtt som advokat og domar har vore nesten skremande vanlege og menneskelege, seier Langbach.

– Monsterbegrepet hjelper oss ikkje i leitinga etter overgriparar og det er ikkje bra at leiaren av justissektoren går ut på denne måten, seier Langbach.

– Ikke tradisjon for å gi karakteristikker av ulike lovbrytere

NRK har bede Riksadvokaten om synet hans på ordbruken til justisministeren og om dette kan hindre avdekking av lovbrot utført av pedofile.

I svaret på e-post skriv førstestatsadvokat Terje Nybøe:

«Riksadvokaten – og påtalemyndigheten for øvrig – vurderer handlinger, og har ikke tradisjon for å gi karakteristikker av ulike lovbrytere.

Det er nedfelt i våre etiske retningslinjer at vi skal møte alle, også lovbrytere, hensynsfullt, uten fordommer og med respekt. Dette er en viktig rettesnor for vår strafferettspleie, og er prinsipper som bidrar til en god og human straffeprosess, straffegjennomføring og tilbakeføring til samfunnet.

Vi har intet ønske om å vurdere utsagn gitt i en politisk kontekst».

Justisministeren vil skremme pedofile

Det var i eit intervju med TV2 då ho tok over som justisminister at Sylvi Listhaug først brukte ordet «monster» om pedofile overgriparar.

I Dagsnytt 18 sist fredag stod ho fast ved ordbruken, det gjer ho framleis.

«Riksadvokatens uttalelser understreker de rettsprinsippene som gjelder i Norge. Når det gjelder pedofile overgripere som voldtar barn eller bestiller overgrep på nett så gjør de noe av det verst tenkelige man kan gjøre. De er monstre», skriv Listhaug i ein e-post til NRK.

«Enkelte er i diskusjonen dessverre opptatt å fremstille gjerningsmenn som ofre. I denne typen saker er det bare barna som er ofre. Derfor kommer jeg til å fortsette å bruke tydelig tale for å sette viktige tema på dagsorden», skriv Listhaug.

Justisminister Sylvi Listhaug forsvarer sin måte å snakke om pedofile på.

Politiadvokat: – Kvifor bruke ordet «monster»?

Politiadvokat i Trøndelag, Hans Vang, har ti års røynsle i påtalemakta. Han har dei to siste åra berre jobba med saker med barn som er utsette for seksuelle overgrep og vald, eller som har vore vitne til det.

– Å kalle personar som forgrip seg på barn for monster kan i ytterste konsekvens føre til at overgrep ikkje blir avdekka. For i det ytre står fram overgriparen oftast som ein hyggeleg og snill person. Då kan det vere vanskeleg for barnet å skjøne at det faktisk blir utsett for overgrep, vanskelegare å fortelje nokon om det, og å bli tatt på alvor, fortel Vang til NRK.

Voldsepisode Orkdal

Politiadvokat i Trøndelag, Hans Vang.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Å få høyre at den som forgrip seg på deg er eit monster, kan i seg sjølv vere skremmande, meiner Vang.

– Den fremste oppgåva til justisministeren på dette feltet er å legge til rette for at flest mogelege overgrep blir avverja, og at overgrepa som skjer blir avdekka. Trongen for å dele ut karakteristikkar som kan bidra til det motsette bør då vike, både hos henne og den politiske rådgjevaren hennar, seier Vang til NRK.

Som elles syns det er «gledeleg» at justisministeren vil prioritere kampen mot overgrep høgt.

– Ofra bør sparast for dette

Også blant dei som representerer utnytta barn i overgrepssaker, er det fleire bistandsadvokatar som synest lite om ordbruken til justisministeren.

Advokat Sigrun Dybvad har lang røynsle frå rettssaker der personar er tiltalte for seksuelle overgrep mot barn.

– Som bistandsadvokat som alltid representerer dei fornærma barna, synest eg «monster» er ein språkbruk som ikkje høyrer heime, verken i det offentlege rom eller i rettssalen. For den som er utsett for overgrep kan slik språkbruk vere svært krevjande å forhalde seg til. I ytterste konsekvens kan dette vere ei tilleggsbelastning som eg meiner klientane mine skal sparast for, seier Dybvad til NRK.

Bistandsadvokat Sigrun Dybvad.

– I overgrepssaker er tiltalte ofte ein av foreldra til barnet eller ein annan nær slektning, fortel bistandsadvokat Sigrun Dybdvad til NRK.

Foto: Morten Karlsen / NRK