Hopp til innhold

– Gi blaffen i depresjonen

Ein ny terapimetode skal lære pasientar å få kontroll på negative tankar. Handling framfor grubling skal gi folk eit lystigare liv.

Depresjon

GRUBLAR: Dei som er deprimerte slit ofte med at dei ikkje klarer å kontrollere dei negative tankane sine.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

– Ikkje tenk så mykje. Gjer noko!

Førsteamanuensis Roger Hagen ved Psykologisk institutt på NTNU får det til å høyrest enkelt ut. No vil han hjelpe deprimerte å få tilbake kontrollen.

Vil ha slutt på grublinga

Roger Hagen og Odin Hjemdal

NY GIV: Roger Hagen og Odin Hjemdal ved Psykologisk institutt på NTNU trur dei har funne ein god behandlingsmetode for deprimerte.

Foto: Vidar Hansen / NRK

Depresjonar er eit veksande problem i Noreg og resten av verda. Berre her til lands kostar sjukdommen milliardar for samfunnet, og på verdsbasis er kostnadane ved depresjon i ferd med å gå forbi både kreft og hjarte- og karsjukdommar.

– Går du til ein psykolog i dag får du gjerne beskjed om å tenkje på problema dine. Men hjelper det eigentleg å gruble? spør Hagen.

På NTNU Dragvoll i Trondheim møter han pasientar på ein annan måte. Ved å lære seg å takle dei negative tankane og styre sine eigne reaksjonar, meiner han at fleire kan bli friske.

– Svært mange som har vore deprimerte får tilbakefall. Vi ønskjer å lære pasientane nye teknikkar for å takle sjukdommen, seier Hagen.

– Gi litt meir blaffen

Saman med professor Odin Hjemdal jobbar Hagen med ein studie om den nye metoden, som kallast metakognitiv terapi. I staden for å leite etter årsaka til at ein pasient er tung til sinns, hjelper dei personen med å takle dei vanskelege tankane.

– Mange opplever ei ukontrollert grubling som dei ikkje klarer å stoppe. Mange blir sjukmelde, og får meir tid til å tenke. Men ein blir ikkje betre av å sitte å gruble på kor jævleg ein har det, seier Hagen.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er psykiske lidingar grunnen til over 15 prosent av sjukefråvêret.

– Skal ein berre feie problema under teppet?

– Langt i frå! Men tankar er berre mentale hendingar som går gjennom hovudet ditt. Du kan styre korleis du reagerer på tankane dine.

Hagen seier at han til dømes ber pasientar om å utsette grublinga når dei negative tankane dukkar opp. Dei får beskjed om å gjere noko, for eksempel gå på jobb eller vere saman med andre.

– Motoren i depresjon er depressiv grubling. Vi må stoppe dei gamle strategiane pasientane har brukt. Dei må slutte å straffe seg sjølv eller seie negative ting til seg sjølv. Det krev øving, og det vi gjer er litt meir avansert enn å seie «drit i tankane dine».

Treng fleire pasientar

Anne Grethe Klunderud
Foto: Benedikte Skogheim / NRK

Behandlingsprosjektet ved NTNU varer i ti veker, og har ifølgje Hagen svært gode resultat. Åtte personar har fullført opplegget, og alle skal ha blitt friske.

– Vi er veldig glade for at vi kan gjere ein forskjell, for vi veit kor ille det er å vere deprimert. Dei små studiane som allereie er gjort på dette viser også at færre får tilbakefall, seier Hagen.

Han vil ha til saman 50 pasientar med i studien om metakognitiv terapi, og oppfordrar dei som treng det til å ta kontakt.

– Det er gratis å komme til oss, seier Hagen.

Landsleiar Anne Grethe Klunderud i organisasjonen Mental Helse er positiv til metoden.

– Det er bra at folk får forskjellige ting å velge mellom. Ofte handlar terapi ikkje om å bli frisk, men om å finne nye måtar å bere livssmertene på, seier Klunderud.

Depresjon

ÅLEINE: Mange deprimerte blir sjukmelde, og får dermed meir tid til å tenkje på problema sine.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX