Hopp til innhold

– Fuktig og stinkar røyk

Bebuarane fekk komme inn for å sjå skadene i blokka i Innherredsveien. Fleire av dei kan vere utan forsikring.

Brannskillene gjorde at brannen ikke fikk utvikle seg. Men slokkingsarbeidet har påført huset store vannskader. Det er usikkert når alle beboere kan flytte inn igjen.

Det er store vasskader på blokka som tok fyr i Innherredsveien natt til fredag.

I føremiddag fekk bebuarane i det brannskadde bygget komme inn i leiligheitene sine for å hente ut nødvendige ting. Bygget ber tydeleg preg av at brannvesenet måtte sprøyte inn hundrelitervis med vatn i natt.

– Det var sjukt mykje vatn på golvet, og det stinkar røyk. Eg har samla opp ni fulle bøtter med vatn, fortel bebuaren Lena til NRK.

Vannskader i blokka

Golvet i gangen i blokka er svært fuktig. Ein del leiligheiter er fulle av vatn, medan andre har sluppe unna med litt røyklukt.

Foto: Martin Hammervik / NRK
Fekk hente ut ting frå brannblokka

Dei som bur i den brannråka blokka fekk komme inn for å hente ut tinga sine i dag.

Foto: Rune Karlsen / NRK
Solveig Vikhagen

Solveig Vikhagen har vore inne i leiligheita si.

Foto: Rune Karlsen / NRK
Vatn på butikkgolv

Det flyt vatn på golvet i lampebutikken i 1. etasje.

Foto: Martin Hammervik / NRK
Narve Altern

Narve Altern ved Værness elektrisk er i gong med å organisere oppryddinga i butikken i 1. etasje.

Foto: Martin Hammervik / NRK
Gunn Utnes

Gunn Utnes i Frost eiendom fortel at rundt ti personar frå blokka kan vere utan innboforsikring.

Foto: Martin Hammervik / NRK
Rigmor Frost

Rigmor Frost eig bygget som brann i natt. Ho håpar det ikkje tek for lang tid før folk kan flytte heim.

Foto: Martin Hammervik / NRK

Ho bur rett under loftet der det brann, og mista truleg tinga ho hadde i oppbevaringsrommet over.

– Buda mi på loftet brann nok opp, men eg trudde det skulle vere verre i leiligheita. No må eg finne meg ein stad å bu, midt i eksamenstida. Men eg berga heldigvis notatane mine, seier bebuaren letta.

– Mørkt og skummelt

Solveig Vikhagen er ein av dei som har fått komme inn i bustaden sin for å fylle nokre vesker med ting. Ho er letta over at det ikkje har kome vatn inn i hennar leiligheit.

– Det er mykje vatn i bygget, heilt mørkt og eigentleg veldig skummelt. Dei har jo teke straumen. I vår leiligheit er det ikkje vatn, men eg kjenner at røyklukta har sett seg i veggane, fortel Vikhagen.

I natt måtte ho hinke ut frå 5. etasje av blokka på krykker. Ho opplevde evakueringa som udramatisk, men fekk seg ein støkk då ho kom ut og såg at det verkeleg var brann.

– Vi sat på hotellet og såg over på flammane som sto ut frå huset. Det var ekkelt.

Store skader på butikk

Dei store vassmengdene som er brukt til sløkkinga har sett sine spor heilt ned til 1. etasje, i lampebutikken Værness elektrisk. Vatn dekker heile golvet, og innehavar Narve Altern har ein stor jobb framfor seg.

– Vi fekk komme inn på morgonen i dag for å sjå kor trasig det var her. No har vi inne 10-15 personar for å rydde, seier Altern.

Fleire kan vere uforsikra

Minst ti av dei som bur i blokka har gitt kriseteamet i kommunen beskjed om at dei ikkje har innboforsikring. Firmaet som eig bygget seier at dei ikkje kan gjere noko med desse tilfella.

– Eg vil anslå at rundt ti personar står utan forsikring. Dette er ein spesielt kjedeleg situasjon for desse, for dei står utan ein stad å bu, og eventuelle skader på tinga deira blir ikkje dekt, seier Gunn Utnes i Frost eiendom.

Enkelte av desse personane kan vere dekt gjennom forsikringa til foreldra. Forsikringsselskapa har allereie fått inn fleire saker frå dei uheldige bebuarane i Innherredsveien.

– Vi tilbyr dei overnatting på hotell. I tillegg dekker vi nødhjelp, det vil seie klede, mat og andre ting dei treng med ein gong. Ein del har allereie fått eit slikt forskot frå oss, seier innbotakstmann Robert Neergård i Sparebank 1 forsikring.

Håpar folk kan flytte raskt tilbake

Eigaren av bygget seier dei skal begynne raskt med å sette leiligheitene i stand igjen. Håpet er at nokre av dei evakuerte kan flytte tilbake allereie neste veke.

– Vi har flinke folk som skal hjelpe oss med å ordne opp. Blokka blir nok ikkje mogleg å bu i denne helga, på grunn av vatn og røyk, seier Frost.

Også politiet må vente til over helga med å begynne å granske brannen. Førebels kan dei ikkje seie noko om årsaka til at det begynte å brenne i blokka.