Hopp til innhold

– Dette vil skje i Eggetunnelen igjen

Tette sluk og små avløpssystem var årsaka til at regnvatnet fløymde over på Egge tysdag. Det vil skje oftare i framtida, trur SINTEF-forskar.

E6 på Eggetunnelen er fullstendig oversvømt.

HAR SKJEDD FØR: Slik såg det ut då Eggetunnelen fløymde over i 2012.

Foto: Vegtrafikksentralen i Midt-Norge

– Det er som hår i dusjsluket.

Jan Morten Boneng

RASK TIL Å FJERNE RUSK: For å hindre at sluk tettar seg, må Statens vegvesen koste vegane jamnleg, fortel Jan Morten Boneng.

Foto: Steinar Bardal

Slik forklarar Jan Morten Boneng, overingeniør i Statens vegvesen, korleis det fløymde over på Egge i Nord- Trøndelag tysdag.

Under det kraftige regnvêret rann det store mengder vatn inn i Eggetunnelen og i kjellaren på Tingvold Park Hotell.

– Slikt skjer når det er mykje vatn og begrensa plass i avlaupet. Regnvatnet tar med seg mykje rusk og rask på vegen som tettar sluk og kummar, og gjer at vatnet ikkje får mogelegheit til å renne unna, seier Boneng.

For lav og flat for kraftige regnskurar

Eggetunnelen har eit naturleg lavpunkt og flate parti. Derfor samlar det seg lett vatn i denne tunnelen når det regnar mykje.

– Det skjer ikkje så ofte, men når det er ekstreme nedbørsmengder som det var på Steinkjer tysdag, kan det bli slik, forklarar Boneng.

Når det fløymer over, reiser Statens vegvesen ut og fjernar rasket som tettar igjen sluka. For å førebyggje at det tettar seg, kostar dei vegane jamnleg.

– Men dersom me skal vere heilt sikre på at Eggetunnelen ikkje fløymer over igjen, må me byggje om avlaupssystemet. Det kan bli eit stort og dyrt arbeid.

(artikkelen held fram under bilete)

Eggetunnelen full av vann

HØG VASSTAND: Tysdag denne veka fløymde det over i Eggetunnelen igjen.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Meir regn og oftare flaum i framtida

Men det kan løne seg på lengre sikt å auke kapasiteten til avlaupssystemet.

– Eg vil anbefale meir varige tiltak for å hindre at det fløymer over i tunnelen på nytt. Det vil sannsynlegvis skje oftare i framtida, nemleg.

Cecilie Flyen Øyen er seniorforskar og forskingsleiar ved SINTEF Byggforsk. Ho undersøkjer kva konsekvensar flaum kan ha på bygningar i tettbygde strok.

– Globale modellar for klimaendringar viser at det sannsynlegvis blir varmare og meir nedbør framover, fortel ho.

Cecilie Flyen Øyen

OVER BAKKEN: Cecilie Flyen Øyen vil heller ha overskotsvatnet over enn under bakken.

Foto: SINTEF

– Der det er lite regn i dag, vil det kome mindre. Der det er mykje regn i dag, vil det kome meir.

Slepp vatnet fri!

Jo mindre byane er, jo mindre er røyrsystema ofte. Derfor kan mykje regnvatn vere enda vanskelegare å bli kvitt i mindre byar som Steinkjer.

– Det handlar om å forsinke vatnet mest mogeleg før det renn ned i kummane. Renn det for mykje vatn for fort, fløymer det over.

Det beste er å la naturen ta vare på vatnet i staden for å leie det ned i røyrsystem, seier Øyen.

For å hindre at det fløymer over ved kraftig nedbør, kan ein derfor

  • opne bekkar som er lagde i røyr.
  • kople fri takrenner slik at vatnet renn ned og trekkjer inn i bakken i staden for å renne direkte ned i kummar. Hugs å leie vatnet vekk frå bygningane.
  • ha fleire område med overflater som vatnet kan trekkje ned i, til dømes byte ut asfalt med grus.