Hopp til innhold

– Ei gåte ligg skjult i Steinvikholmen

Han har tidlegare slått til lyd for at Heilag-Olav kan liggje skjult i murane på Steinvikholm Slott. No skal Bodvar Schjelderup presentere ei utstilling om at "heilag geometri" stør teorien.

Våren i anmarsj på Steinvikholmen

Steinvikholm Slott kan bli ein sann heilagdom om det skulle vise seg at Heilag-Olavs leivningar ligg innmurt i murane, seier Bodvar Schjelderup. Det er i dette tårnet, kalla Boden, metalldetektor har gitt utslag.

Foto: Odd Rune Wang

– Steinvikholmen er ein juvel, med ei innlagt gåte, seier Bodvar Schjelderup.

– Murane i den gamle borga kviskrar moglege svar til oss.

Steinvikholmen og Bodvar Schjelderup 3

Bodvar Schjelderup laga sjølv denne modellen av Steinvikholm Slott for nokre år sidan. Hans interesse for den gamle borgruinen er sterk.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Bodvar Schjelderup er tidlegare førsteamanuensis i arkitektur ved NTNU, pyramideforskar, forfattar og salmediktar, og har i årevis vore opptatt av kvar Heilag-Olavs leivningar er.

Som dei fleste andre, meinte også han tidlegare at leivningane er å finne ein stad under Nidarosdomen. Dei siste åra har han endra teori.

– Heilag-Olav kan liggje skjult i murane

– Leivningane kan liggje innmurte i murane på Steinvikholmen, sa Schjelderup i sommar, då han presenterte funn som var gjort med metalldetektor året før, med utslag to stader i det største av dei to tårna.

Steinvikholm Slott er borga som den siste erkebiskopen i landet, Olav Engelbrektson, let byggje i åra før reformasjonen kom til landet i 1537, då erkebiskopen måtte rømme landet.

Schjelderups teori er at Engelbrektson ville skjule Heilag-Kongen for danskane.

Steinvikholmen - Bodvar Schjelderup - 1

– Her i murane på tårnet Bonden kan leivningane til Heilag-Olav vere skjult, og murane bør undersøkjast profesjonelt, meiner Bodvar Schjelderup.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Operasjon Olav

No har Bodvar Schjelderup klar ei utstilling om desse funna, "Operasjon Olav", som han håpar å få utstilt over nyttår.

Her har han lagt fram teikningar og figurar som viser geometriske samanhengar mellom Steinvikholmen og Nidarosdomen, blant anna at dei to byggverka er akkurat like lange.

– Det kan tenkjast eit bevisst symbolsk samspel mellom Domen og Steinvikholmen, seier Schjelderup, som blant anna har lagt planteikningar av byggverka oppå kvarandre, og har funne samsvar i mål på tårnet «Bonden» på Steinvikholmen og høgkoret i Nidarosdomen.

Utstilling Steinvikholmen

Utstillinga 'Operasjon Olav' har både dokumentasjon av funn etter søk med metalldetektor og ei rekkje døme på geometriske samanfall mellom Steinvikholmen og Nidarosdomen – og Steinviksholmens og Nidarosdomens plassering i høve til heilage stader.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Når han legg inn funnstadene i tårnet «Bonden» er det samsvar mellom eitt av desse og høgalteret i Domen, der Helgenskrinet med Heilag-Olav i si tid stod.

– Men er ikkje dette tilfeldig?

Utstillilng Steinvikholm-Heilag-Olav

Yttersirkelen av tårnet Bonden på Steinvikholmen og sirkelen inne i oktogonen på Nidarosdomen er like store

Foto: Magnar Brandseth / NRK

– Det kan du få svare på, repliserer Bodvar Schjelderup, som i 40 år har arbeidd med det han kallar "heilag geometri" og symbolspråk, blant anna gjennom undersøking av pyramidane.

No vil han gjerne at ei profesjonell undersøking med elektronisk søkeutstyr blir prioritert. Ein førespurnad til Riksantikvaren i vår førte ikkje fram, da var ikkje midlar til å bruke på dette.

– Bør undersøkjast

Leiar for Nidarosdomens Restaureringsarbeider, Steinar Bjerkestrand, seier at han stør Bodvar Schjelderup i at murane på Steinvikholmen bør undersøkjast, og at teoriane krev respekt.

Utstilling Steinvikholmen-Heilag-Olav

'Mulige – nye og høgst slåande – samspel kjem nå til uttrykk mellom funnstadene og høykorets planbilde', skriv Schjelderup i utstillingstekstane. Eit av funna på Steinvikholmen viser svært presist samsvar med sona for høgalter og helgenskrin i Domen.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

– Men vi må i vårt arbeid prioritere undersøkingar under Nidarosdomen, i søk etter Heilag-Olavs leivningar, seier Bjerkestrand.

– Det kan heller vere naturleg å utfordre Vitenskapsmuseet for den typen undersøking, seier han.

Spennande

Når det gjeld geometristiske samanfall vil han ikkje ha så sterke meiningar.

– Det er jo spennande. Erkebiskopen og hans menn hadde heilt sikkert god greie på både symbolikk og geometri. Og er dei geometriske samanfalla tilfeldige eller ikkje? Det ville jo vere spennande om det finst svar på det, seier Bjerkestrand.

Over nyttår kan Bodvar Schjelderups utstilling gi meir innsikt i funna han har gjort, og det geometriske samspelet mellom Steinvikholmen og Nidarosdomen som han i utstillingstekstane karakteriserer som "høgst slåande".

Bodvar Schjelderup

– Det kan vere eit bevisst symbolsk samspel mellom Steinvikholmen og Nidarsdomen, meiner Bodvar Schjelderup.

Foto: Brandseth / NRK